Tambar J15/17 møtte jentene frå Heia til kamp på Naustdal stadion søndag ettermiddag. Kampen skulle egentlig ha gått mandag kveld, men etter ynskje frå Heia, vart kampen spelt ein dag før terminfesta dag.

Tambar har hatt ein tøff seriestart, der laget har møtt dei to favorittane til å bli avdelingsvinner, Eid og Førde 2. I begge desse kampane har det vorte tap, men Tambarjentene har spelemessig vore bra i begge kampane.
I sin tredje kamp for sesongen, kom den første seieren. Laget slo Jølster 3-1 etter mål av Trine, Tale og Linnea.

Sesongens andre seier, og den første på heimebane, vart det i dagens kamp mot Heia. Tambar spelte i perioder bra fotball, og rulla opp ein del fine angrep. Og det var i desse opprullingane måla kom.
Først ut var Trine, som sendte Tambar opp til 1-0 tidlig i første omgang. Linnea auka leiinga til 2-0 midtvegs i omgangen. Ti minutter før pause kom Karoline inn på bana. Og like etter innbytte var ho frampå og sette inn Tambar sitt tredje mål.

I andre omgang kom Tambar til fleire store sjanser. Den største hadde laget då Trine får slått inn frå dødlinja, og Tale nesten får sett ballen i nota. Men i stadenfor går ballen i stanga før den hamnar i fanget til keeper.

Einaste målet i denne omgangen er det jentene frå Heia som får, då dei reduserer omlag halvvegs i andre omgang.

J15/17 11er avd.2
Tambar-Heia 3-1 (3-0)
1-0 Trine
2-0 Linnea
3-0 Karoline
3-1 Heia

God dommer: Svein Arne Nordheim

Tambar sitt lag:
Thea Hukset
Anniken Ullaland Ekreskar
Henriette Maria Strømsøy Grimset
Mathea Victoria Nigardsøy
Una Claussen Thingnes
Oda Martine Solheim Aamot
Silvia Røyseth Bruflot
Amalie Fimland Dvergsdal
Victoria Folkestad
Karoline Hoff Grimset
Agathe Abrahamsen Slettehaug
Trine Standal
Linnea Helgheim Espeland
Lea Marie Birkeland Hamre
Tale Mathisen Seljeseth


Bilde: Glade målscorarar etter 3-1 mot Heia. F.v: Linnea, Karoline og Trine. Foto: FC