Jentelaget (J15/17) til Tambar har i kveld vore i Nordfjord og spelt kamp, der dei møtte jentene til Loen.

Etter ein heller middels kamp for Tambarjentene mot Måløy sist veke (1-2 tap), hadde dei planer om å reise «kjerringa» i kveldens kamp.

Men jentene fekk god motstand frå Loen i første omgang, og det var heimelaget som tok leiinga. På tampen av omgangen fekk Tambar den viktige utligninga då Tale var frampå og scora, og laga gjekk til pause med 1-1.

Tambar heva seg mange hakk i andre omgang, ifylje trenarane Tore Personbråten og Oddvar Hukset. Laget hadde tydeleg bestemt seg at seieren og dei tre poenga skulle bli med heim att til Naustdal.

Med tre scoringar til Tambar i andre omgang (Lea, Amalie og Trine), hadde Tambarjentene rimeleg god kontroll på jentene frå Loen.

Kampen enda til slutt med ein fin-fin 4-2 seier til Tambar.