Regjeringa offentleggjorde på kvelden søndag 3. januar ei rekke nye smitteverntiltak for dei komande to vekene. Bakgrunnen er at smittetala har auka mykje over store deler av landet gjennom julehøgtida, og den store mobiliteten i befolkninga i denne tida.

For fotballen vil dette få fyljer for treningar i Naustdalshallen, då det er bestemt at alle haller i Sunnfjord kommune vert stengt for treningar fra til 18.januar.

Utdrag frå tiltaka som vert sett i kraft frå 4.januar 2021:

Reglar:
Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs, vert stengt fram til 18. januar. Dette gjeld og alle aktivitetar innandørs som samlar born og unge på tvers av klassar/ kohortar. Det vert presisert at regelen gjeld uavhengig av tal personar som eventuelt skulle delteke på aktiviteten.

Tilrådingar:
Idrett:  Utandørs aktivitetar kan gjennomføras dersom det er mogleg å halde god avstand. Toppidretten og kulturutøvarar som har eit særskilt unntak med eigen regulering, vert ikkje omfatta.

Treningssenter og symjehallar kan haldast opne for individuell, ikkje-organisert trening når det er mogleg å halde avstand og ha god adgangskontroll.

Naustdalshallen blir stengt for trening fram til 18.januar.