Tambarskjelvar Fotball gjennomførte sitt årlige årsmøte søndag 28.februar, der ein kunne stadfeste at sesongen 2020 vart eit særs spesiellt fotballår. Fotballgruppa håper på ein sesong i 2021 med meir aktivitet for barn og unge, og for seniorlaget til Tambarskjelvar.

Espen Eithun Langedal har sete som leiar for fotballgruppa det siste året. Han takkar av etter ein flott jobb som fotballleiar, ettersom han no har flytta til Nordfjord og vert engasjert i fotballen der framover.
Sittande styre i fotballgruppa blir som før, der nestleiar Bjørn-Ole Hjørnevik og styremedlemene Gunnar Naustdal, Ann Kristin Nigardsøy, Sven Carlsen, Gunn Kristin Steindal, Tore Personbråten og Frank Cirotzki blir med vidare.

Styret har ikkje klart å få inn ein ny leiar for fotballen, og ynskjer dermed kontakt med ein person som kunne tenke seg eit slikt spennande og givande verv for fotballgruppa i bygda.
For å være leiar treng du ikkje å ha vore aktiv fotballspelar, du treng heller ikkje være ekspert på det fotballfaglege viset. I vårt styre samarbeider vi om alle oppgåvene der målet er at alle fotballspelarane i Naustdal skal ha ein trygg, kjekk og utviklande aktivitet på bana og i klubben.
Så er du mann eller dame, ung eller gamal, som kunne tenke deg å være leiar for ein flott gjeng i fotballgruppa, nøl ikkje med å ta kontakt.
For meir info, kontakt Frank Cirotzki, telefon 95 79 60 41, Mail: frankcirotzki@gmail.com

Bilde: Tambarskjelvar Fotball er på jakt etter ny leiar, etter at Espen Eithun Langedal (t.h) har flytta frå bygda. Her ilag med nestleiar Bjørn-Ole Hjørnevik.