Trenarane til Tambarskjelvar sitt a-lag, Håkon Svoen og Jan Magne Langedal, har møtt jamt og trutt opp på Naustdal stadion, for å halde treningane i gang for ein etterkvart utolmodig gjeng med spelesugne spelarar. Dei hadde håpa på speletid både i fjor haust og i vår, men som kjent har koronasituasjonen sette ein stopper for all aktivitet for spelarar over 20 år.
Tidligare i sommer fekk også spelarar over 20 år klarsignal for seriespel. Og går alt etter planen, kan vi møte opp på Naustdal stadion tysdag 17.august og sjå 6.divisjonsfotball for fyrste gong sidan 15.oktober 2019. Og for dei som ikkje hugsar kven Tambar møtte den gongen og kva resultatet vart, kan vi opplyse om at det var Eikefjord som gjesta stadion og vart sendt tilbake til Eikefjorden med 1-7 tap. Les referat frå den kampen.
I årets amputerte sesong blir det ikkje eit gjensyn med Eikefjord på stadion. Kampen mot dei går på Eikefjord si heimebane 24.august kl.19.00.
I årets serie vert det spelt enkel serie med ni lag, der desse laga er i 6.divisjon avd.2: Tambar, Anga, Askvoll/Holmedal, Førde 3, Dale, Eikefjord, Gaular, Dale 2 og Tempo.
Vil du sjå a-laget i aksjon, møt opp på stadion tysdag 17.august kl.19.00. Dei møter då Førde 3.
