Tambar sitt a-lag møtte Anga til treningskamp på Naustdal stadion mandag kveld, der laget til trenarane Håkon Svoen og Jan Magne Langedal fekk ein grei gjennomkøyring før den første seriekampen vert sparka i gang neste veke.
Anga var ikkje noko målestokk i kveldens kamp, der heimelaget kontrollerte det meste av kampen. Alikevel fekk heimelaget vist mykje bra fotball og bra målteft, der heile åtte ulike spelarar kom på scoringslista i kveld. I tillegg hadde Tambar mange store målsjanser som gjekk utafor, eller som ein god keeper redda.
Tambar stilte med fire gutespelarar til denne treningskampen, der vi fekk sjå samtlige ilag ute på bana i andre omgang. Desse gutane tek a-lagsnivået på ein glimrande måte, der dei verkar å ha roen og sjølvtilitten i orden og kan bli viktige spelarar for laget utover i sesongen.
Vi minner om den første seriekampen til Tambar, som vert spelt på Naustdal stadion tysdag 17.august kl.19:00. Då møter dei Førde 3.
Treningskamp Naustdal stadion
Tambar-Anga 8-0 (4-0)
1-0 Jørgen Angvik Helgheim
2-0 Truls Savland Røyseth
3-0 Martin Skilbrei
4-0 Henrik Aase
5-0 Hallvard Sagevik Edvardsen
6-0 Vidar Standal
7-0 Martin Hjørnevik Kibsgaard
8-0 Geir Froland
God dommer: Sven Carlsen


