Etter snart to års ventetid, er det endelig klart for ein seriekamp i 6.divisjon att på Naustdal stadion. Laget til Svoen og Langedal er sugne på å vise seg att ute på kunstgraset, der dei møter Førde 3 til kamp tysdag 17.august kl.19:00.
I forbindelse med gjenåpninga av seriekampar for a-laget, flesker vi til med ein tippekonkurranse, der det rett og slett gjeld å tippe rett resultat i kampen Tambar-Førde 3.
Bli med og tipp, der fyljande reglar gjeld:
1.Tipp sluttresultatet i kampen Tambar-Førde 3.
2.Kvar tippar kan berre legge inn eit tips.
3.Tipset må leggast inn innen tysdag 17.august kl.19:00.
4.Legg inn kor tid du trur første mål i kampen kjem (eks. 21 min, 44 min).
5.Ved fleire med rett sluttresultat, blir vinnar den som har tippa rett (eller nærast) første mål i kampen.
6.Om fleire står likt etter punkt 5, blir vinnar kåra på loddtrekning.
7.Alle tips vil bli publisert på heimesida etter kampslutt.
Premie: Sekk frå Extra, med caps, pannebånd og drikkeflaske.
Alle kan delta, gratis og ingen aldersgrense 🙂
TIPPEKONKURRANSEN ER OVER !

2-5
LikerLiker