Førde 3 vart for sterke for Tambar i årets første kamp i 6.divisjon på Naustdal stadion tysdag kveld, der førdegutane kunne gå av bana med ein solid 5-1 seier.
Det var Førde 3 som scora det første målet, etter 9 minutters spel, på Naustdal stadion, etter at laga har hatt ein nesten to års lang koronapause. Før målet til bortelaget, hadde Tambar to store sjanser til å gå opp i leiinga, men det ville seg ikkje. Men berre minutter etter 0-1 scoringa, utligna Tambar til 1-1. Gunnstein Vefring var komen opp på eit hjørnespark og sette årets første Tambarmål i nota.
Midtvegs i omgangen går Førde 3 opp til 2-1, der Førdespelaren får det lett å sette ballen i mål etter misforståingar i forsvaret til Tambar.
Surt var det for Tambarlaget å få denne imot, då laget hadde vore på høgde med gjestane og vel so det. Laget hadde fleire store sjanser i løpet av denne omgangen, blant anna med ei hedding i stanga ved Geir Froland. Men med manglande utelling, kunne Førdelaget gå til pause med ein 2-1 leiing.
I andre omgang var Førde 3 det førande laget i mykje av omgangen, og Tambarlaget vart noko meir oppjaga i spelet sitt på jakt etter ei utligning.
Verre blir det for Tambar når gjestane går opp til 3-1, sjølv om Tambar gjorde eit ærlig forsøk. Men det ville seg ikkje for Tambar i kveld, og lufta gjekk ut då Førde 3 putta på til 4-1. Ei scoring heilt på tampen fastsette resultatet til 5-1.
Nye sjanser for årets første trepoenger får Tambar tysdag om ei veke. Då møter dei Eikefjord på bortebane.
6.divisjon
Naustdal stadion tysdag 17.08.21
Tambar-Førde 3 1-5 (1-2)
0-1 Førde 3
1-1 Gunnstein Vefring
1-2 Førde 3
1-3 Førde 3
1-4 Førde 3
1-5 Førde 3
God dommer: Dan Kåre Esp, Eikefjord IL
Tilskuere: 62
Tambar sitt lag:
- 1 Thomas Dobbe Personbråten
- 4 Gunnstein Vefring
- 5 Eirik Engen Skadal
- 10 Simon Dobbe Personbråten
- 21 Geir Andre Troland
- 25 Martin Hjørnevik Kibsgaard
- 8 Martin Skilbrei
- 24 Vidar Standal
- 29 Thomas Liabø Rognsø
- 9 Iben Andre Munkvold
- 23 Hallvard Edvardsen Sagevik
- 6 Ole-Johan Steindal Vonen
- 7 Fredrik Herstad
- 11 Jørgen Angvik Helgheim
- 13 Truls Savland Røyseth
- 22 Emil Østerbø
