Heimelaget Eikefjord starta kampen i eit forrykande tempo, då Tambar spelte sin andre kamp for sesongen på Eikefjord stadion tysdag kveld. Og allerede etter to minutters spel fekk heimelaget utteljing. Etter ein corner fekk ein Eikefjordspelar snappa til seg ballen og sette den utagbart til sides for Tambarkeeper.

Etter sjokkåpninga frå heimelaget, gjekk pusten etterkvart ut av dei, og Tambar tok meir og meir over utover kampen. Laget kom til fleire store sjanser, men mangla det lille for at ballen skulle gå i nota. Heilt til Vidar Standal tek tak og gjorde alt på eigenhand. Han tek med seg ballen og raider opp på høgrekanten og dunker til frå tjue meter. Ei fortent utligning til Tambar.
Resten av omgangen har Tambar rimeleg bra kontroll på Eikefjordlaget, og burde strengt tatt gått til pause med eit mål eller to meir i målprotokollen. Men når dommar bles pausesignalet, står det fortsatt 1-1 på resultattavla.

Andre omgang vert jamnspelt mellom dei oransje og gule, begge laga har sine sjanser til å gå opp i leiinga. På sidelinja venter Tambartrenararne på det avgjerande målet, og ser at både Hallvard og Jørgen kjem til store sjanser som kunne ha avgjort kampen til Tambar sin fordel.
Surt er det difor å sjå at det er Eikefjord som får den avgjerande scoringa berre få minutter før slutt. Sjølv om Tambar set inn eit ekstra gir i sluttminutta, og kjem til sjanser som for kunne gitt utligning, blir det heimelaget som kan jubla når sluttsignalet går.

6.divisjon avd 2
Eikefjord-Tambar 2-1 (1-1)
1-0 Eikefjord
1-1 Vidar Standal
2-1 Eikefjord

Dommer: Jegatheesan Jeikishan (Florø SK)

Tambar sitt lag:

  • 1 Thomas Dobbe Personbråten
  • 2 Andreas Kjørsvik Vatne 
  • 3 Eirik Engen Skadal
  • 6 Gunnstein Vefring
  • 25 Martin Hjørnevik Kibsgaard
  • 8 Martin Skilbrei
  • 10 Simon Dobbe Personbråten
  • 24 Vidar Standal 
  • 29 Thomas Liabø Rognsø
  • 9 Iben Andre Munkvold
  • 23 Hallvard Edvardsen Sagevik 
  • 7 Even Espeland
  • 11 Jørgen Angvik Helgheim 
  • 12 Marius Haugen Herstad
  • 13 Aleksander Fauske Helgås
  • 20 Michael Kristiansen Johannessen
  • 21 Geir Andre Troland
  • 22 Fredrik Herstad