Tambar stiller også i år lag i 6.divisjon, og ein håper på at årets sesong blir ein normal sesong med fullt seriespel. Dei to siste har vore trasige for Tambar og resten av fotballen, med null aktivitet i seriesystemet i 2020. Til trass for at fjoråret vart noko bedre, med ein halvspelt sesong, hadde det vore godt om vi hadde kome tilbake til normalen i år.
Men før seriefotballen blir sparka i gang ute på kunstgraset, skal a-laget til Tambar ut i ein vinterserie, der dei får måle krefter i den nye innandørshallen på Skei. Vinterserien er i regi av Sogn og Fjordane fotballkrets, der Tambar spelar sin fyrste kamp søndag 20.februar. Tambar spelar i vinterserien avd.2 slik:
20.februar kl.10:00 Tambar-Hyen
26.februar kl.17:00 Lærdal-Tambar
12.mars kl.17:00 Syril-Tambar
I vinterserien avd.1 spelar desse laga: Studentspretten, Jølster, Høyang og Bremanger.
I årets 6.divisjon er Tambar komen i avd.3, og skal møte fyljande lag:
Anga
Jølster 2
Svelgen/Bremanger
Eikefjord
Tempo
I avdeling 3 blir det spelt ein trippel serie på 15 rundar og 15 kampar. Kampoppsett er enno ikkje klart.
6.divisjon avd.2 har desse laga: Askvoll/Holmedal, Hyllestad, Dale 2, Høyang 2 og Førde studentlag.
