I vinterserien har Tambar teke sin andre seier av to mulige, etter at dei vann 3-2 mot Syril i hallen på Skei lørdag ettermiddag.
I den første kampen for fjorten dagar sidan, vart det som kjent storseier over Hyen med heile 11-0.

I kampen mot Syril var det Tambar som gjekk i leiinga etter scoring ved Tristan. Omgangen var jamnspelt, men Syril fekk inn to mål i omgangen og kunne gå til pause med ein 2-1 leiing.

Om fyrste omgang var jamn mellom laga, var det Tambar som styrte andre omgang. Tristan var på ny frampå og utligna til 2-2, medan Martin H.K. sette inn det avgjerande målet fire minutter før full tid.
Tambar vinn dermed ein fullt fortent 3-2 seier mot laget frå Sogn.

For Tambar fekk to spelarar frå Tambar G14/15 prøve seg mot Syril, Kristian og Miguel, i tillegg til Matias (05). Alle gutane gjorde ein god jobb.