Tambar Fotball arrangerte ein litt forsinka fotballfest for dei aldersbestemte laga i aulaen på skulen torsdag kveld. Egentleg var festen planlagt etter sesongen 2021, men måtte då utsettast på grunn av koronapandemien.

Festen i går var noko nedskalert i forhold til tidligare år, men det viktigaste var med denne gongen også. Nemlig at laga i dei aldersbestemte laga vart samla og presentert, ulike prisar vart delt ut og ei matøkt med pølser og brus.
Alle spelarane i klasse J/G 9, J/G 10 og J/G 11 fekk kvar sin liten statuett for god innsats.

Hedersprisen frå Tambar Fotball gjekk til Roger Edvardsen. Dei andre prisane gjekk til desse:
*Årets spelar G13/14: Miguel Garfors
*Årets spelar G15/17: Marius Fagerheim Aase
*Årets spelar J15/17: Mari Stuhaug Larsen
*Årets Fair Play: Lotta Slettehaug Gillestad
*Årets dommer: Kristian Gauksrud Bale
*Årets hederspris: Roger Edvardsen

Bilder frå fotballfesten:

Bilde: Roger Edvardsen fekk Tambar Fotball sin hederspris for 2021.
Bilde: Tambar G9.
Bilde: Tambar J11.
Bilde: Tambar G10/11.
Bilde: Tambar G13/14. Årets spelar: Miguel Garfors.
Bilde: Tambar G15/17. Årets spelar: Marius Fagerheim Aase.
Bilde: Tambar J15/17. Årets spelar: Mari Stuhaug Larsen.
Bilde: Årets Fair Play pris: Lotta Slettehaug Gillestad.
Årets dommar: Kristian Gauksrud Bale.
Bilde: Premiebordet.
Bilde: Premieutdelar Bjørn-Ole.
Bilde: Pølesekokarane Gunnar og Sven.