Tambar sitt a-lag møtte Førdestudentane til treningskamp på Naustdal stadion tysdag kveld, og kunne nok ein gong gå av bana med seier. Dette var forøvrig den siste treningskampen før sesongen startar og Tambar tek imot Tempo i den første runden i 6.divisjon.

I kampen mot det nyskipa 6.divisjonslaget Førdestudentane vart det ein jamnspelt første omgang. Men som i dei tidligare treningskampane til Tambar i vinter, tek det litt tid før maskineriet kjem heilt i gang. Slik var det også i tysdagens kamp, der Tambarlaget ikkje var heilt påskrudd frå start. Dette resulterte i tre baklengs i denne omgangen og studentane kunne gå til pause med ei 3-0 leiing.

Det var eit heilt anna Tambarlag som kom ut på kunstgrasmatta i andre omgang, der dei i likheit med foregåande treningskampar styrer spelet, vinn dueller og kombinerer bra, godt anført av Martin Skilbrei på midtbana.

Og med det gode spelet kom også måla i denne omgangen. Heile fem scoringar av Tambar fekk vi servert i denne omgangen, der det finaste målet kom ved Tristan. Han dreg seg fri på 18-19 meter og curler ballen heilt i krysset!
Dei andre måla til Tambar vart sette inn av Sander, Michael, Gunnstein og August.

Dermed vart det til slutt ein fortent 5-3 seier til Tambar, noko som lover godt når sesongen vert sparka igang i neste veke.

Bilder frå kampen: Alle foto Bjørn-Ole Hjørnevik.