Tambar stiller med damelag i årets sesong, og har meldt på lag i 4.divisjon der speleforma er 7er fotball. Det er ei stund sidan sist hadde damelag, men for dei som hugsar litt tilbake veit at klubben har hatt både 7er og 11er damelag tidligare.

I årets sesong finn ein ikkje jentelag (J15/17) i Tambar Fotball desverre, men jentene i denne årsklassen har no eit tilbod på damelaget. I tillegg til fjorårets jentespelarar, finn ein også damer «litt opp i åra», slik at det er ein fin miks i gruppa.

Tambar er i pulje med Kaupanger/Sogndal og Askvoll Holmedal/Atløy. Desse laga deltek på tre turneringshelgar, i mai, august og september.
Om du har lyst å trene med damelaget til Tambar, og kanskje være med på turneringshelgane, er det åpent for fleire spelarar. Laget trener på Naustdal stadion tysdagar og torsdagar, og trenar for laget er Oddvar Hukset, tlf: 970 19 415.

Kampane er sett opp slik:

Turneringshelg Atløy
Lørdag 14.mai kl.13:00: AHIL/AIL – Tambar
Lørdag 14.mai kl.14:30 Tambar – Kaupanger/Sogndal
Lørdag 14.mai kl.16:00 Kaupanger/Sogndal – AHIL/AIL

Turneringshelg Kaupanger
Lørdag 28.aug kl.13:00 Kaupanger/Sogndal – Tambar
Lørdag 28.aug kl.14:30 Tambar – AHIL/AIL
Lørdag 28.aug kl.16:00 AHIL/AIL – Kaupanger/Sogndal

Turneringshelg Naustdal
Lørdag 17.sept kl.13:00 Tambar – Kaupanger/Sogndal
Lørdag 17.sept kl.14:30 Kaupanger/Sogndal – AHIL/AIL
Lørdag 17.sept kl.16:00 AHIL/AIL – Tambar

Bilde: Her frå treninga til damelaget på torsdag kveld. På bilde Camilla, Andrine, Aurora, Thea og Eva.