Tambar tok sin andre seier for sesongen då dei vann lokaloppgjeret mot Eikefjord på Naustdal stadion tysdag kveld.

I ein jamnspelt fyrste omgang, var det Tambar som kunne juble for kampens første mål. Tambar har fått tildelt frispark meteren utafor sekstenmeteren til dei oransjekledde. Med eit velplassert skot plasserer Thomas Liabø Rognsø ballen i nota bak Eikefjordkeeperen.

Eit frispark måtte til for at Eikefjord også skulle sette sitt fyrste mål i kampen. I etterkant av frisparket får ein Eikefjordspelar pirka ballen forbi Tambarkeeper Thomas Dobbe Personbråten.

Mot slutten av omgangen blir Eirik Engen Skadal felt, og dommaren peiker på staffemerket. Desverre går ballen i stanga og ut for straffetakar Michael Kristiansen Johannessen, og stillinga er forsatt 1-1.

Sekunder før pause kjem Tambar på ein god kontring. Vidar Standal slår ein god pasning til Martin Hjørnevik Kibsgaard som kjem på løp på venstre kant. Med eit velplassert skot sender han Tambar tilbake i leiinga.

I andre omgang tek Tambar over initiativet i kampen og og kjem til mange gode målsjanser.

Eirik Engen Skadal sender Tambar opp i 3-1 leiing tidleg i omgangen. Han hedder ballen heilt nede ved stolperota og i mål, etter ein god corner av Thomas.

Ikkje lenge etter, aukar Vidar Standal til 4-1. Han tek med seg ballen på høgrekanten og dunkar til frå atten meter. Ballen går i nota, og heimelaget har god kontroll på kampen.

Eikefjord reduserer til 2-4 på ein corner midtvegs i omgangen, men klarer ikkje å skape så mykje meir i løpet av omgangen, mot eit godt og hardt kjempande Tambarforsvar.

Dermed vert poenga verande att på Naustdal stadion, der Tambar vinn kampen fortent 4-2.

6.divisjon
Tambar – Eikefjord 4-2 (2-1)
1-0 Thomas Liabø Rognsø
1-1 Eikefjord
2-1 Martin Hjørnevik Kibsgaard
3-1 Eirik Engen Skadal
4-1 Vidar Standal
4-2 Eikefjord

Dommer: Amund Laukeland (Førde IL)

Tambar:

Thomas Dobbe Personbråten
August Rafdal Berger-Nilsen
Eirik Engen Skadal 
Andreas Kjørsvik Vatne
Gunnstein Vefring
Tristan Bergby Carlsen
Martin Skilbrei
Martin Hjørnevik Kibsgaard  
Thomas Liabø Rognsø
Michael Kristiansen Johannessen
Miguel Grønli Garfors
Marius Fagerheim Aase
Marius Haugen Herstad
Vidar Standal  
Geir Andre Troland
Preben Kjeilen Johnsen
Truls Savland Røyseth

BILDER FRÅ KAMPEN: