Det vart ein spennande kamp då Tambar J12 vann sin første kamp for sesongen, då dei møtte Førde 2 til kamp på Naustdal stadion onsdag kveld.
For det var Førdejentene som kom best i gang, og dei var oppe i ein 3-1 leiing eit stykke ut i kampen. Men Tambarjentene gav ikkje opp og alle spelarane gjorde ein solid innsats denne kvelden. Og med den flotte innsatsen trilla også måla inn, og det stoppa ikkje før dei hadde klart å snu kampen, som dei vann 4-3!
Tambar J12 spelar 9er fotball denne sesongen, og dei har meistra overgangen frå 7er fotball godt. På grunn av sjukdom og fråvær av spelarar til kampen mot Førde 2, vart denne kampen spelt som 7er fotball.
Trenere for Tambar J12 er Arnt-Willy Nesbø og Are Iversen. Lagleiar er Evy Helene Kibsgaard.
Tambar J12
