
Julie Seljeseth Øverland (snart 18) har spelt fotball sidan ho var seks år, der Naustdal stadion har vore heimebana hennar i alle år. At ho skulle bli fotballkeeper, hadde ho nok få eller ingen tankar om den gongen ho knytte på seg fotballskoa første gongen.
Dei var ni jenter i 2004 kullet i Tambarskjelvar. Og som dei fleste lag i barnefotballen, rullerte også laget til Julie på kven som skulle stå i mål frå kamp til kamp. (At det berre er Julie som fortsatt er aktiv fotballspelar av 2004 kullet, er ei anna historie.)

Med stadig rulleringar på keeperplass i barnefotballen og dels når ho kom opp i småjenteklassen, såg etterkvart både trenarane og ho sjølv at ho gjorde det bra som målvoktar og viste eit bra talent i keeperrolla. Ho konsentrerte seg difor som keeper siste året på småjentelaget og vidare til jentelaget i Tambarskjelvar.

Etterkvart har det berre «balla» på seg. Julie utmerka seg som ein god sisteskanse på klubblaget i Tambarskjelvar og vart utteken på sonelag til Sunnfjord og kretslaget til Sogn og Fjordane, og ho la ned mykje eigentrening i denne perioden. Ho såg etterkvart at skulle ho klare å utvikle seg vidare som keeper, trong ho større utfordringar.
Vi hadde ein prat med Julie mellom treningsøktene i Sogndal:
«- Eg begynte å være med på keepertreningar i Førde i 2019 og eg meldte overgang til Førde damelag våren 2020, med ynskje om å få nye utfordringar og prøve meg litt i «seniorfotballen». Eg har i lang tid vore sikker på at eg skulle søke idrettsfag når eg skulle starte på videregåande skule. Sogndal var difor eit naturleg val, og det gav meg gode moglegheiter til å satse på fotball i tillegg.«
Julie seier vidare: «- Eg hospiterte litt med Kaupanger sitt damelag våren 2020 og blei tatt godt i mot når eg meldte overgang til klubben hausten 2020. «
Hausten 2021 vart det einigheit om å slå saman damelaga til Kaupanger og Sogndal, og i 2022 såg Sogndal FK dagens lys. Den nyskipa klubben tok over plassen til Kaupanger, og spelar denne sesongen i 2.divisjon.
Julie fortel om store endringar etter samanslåinga: – Vi har fått mange nye, unge spelarar og nye trenarar – noko som har ført til endå meir «profesjonelle» rammer rundt laget – blant anna trenar og spelar vi no på Fosshaugane Campus.»

Julie fortel om gode treningsforhold og mykje trening i løpet av ei veke: «- Vi har to keepertrenarar og får fantastisk god oppfølging på keeperfronten, noko som ikkje er kvardagskost i dei fleste klubbar. I sesong består veka av 3 lagstreningar + fotballøkt på vgs, i tillegg til kamp. Utanom dette gjer eg ein del eigentrening, både styrke og fotballteknisk, som eg ofte får bruke toppidrettstimane på skulen til. Difor ofte 2 økter for dagen.»
Med eit jamt høgt nivå på spelarane i troppen til Sogndal vert det også stor konkurranse om plassane. Dette er noko Julie har innfunne seg med og meiner at konkurransen blant keeperane er med på å gjere ho bedre: «- Vi er tre ganske jamne keeperar på laget, og vi er flinke til å både utfordre og støtte kvarandre. Maia Øen er 1.keeper for tida, og det har difor ikkje blitt mykje speletid på meg fram til no. Samtidig trur eg det er positivt for utviklinga mi at eg har noko å strekke meg etter. «
Ein del kampar blir det for Julie, tross alt. I NM-cup kampen mot Loddefjord på bortebane i mai, spelte ho heile kampen for Sogndal FK. I tillegg har Sogndal FK og SIL damer eit samarbeid, der ho har hatt ein del speletid.

Når vi spør ho om kva ho tenker framover, er ho rimeleg klar på det: «- Ambisjonen no er naturligvis å bli 1.keeper på laget. Eg trivast veldig godt i Sogndal FK, her er flinke trenarar og eit fantastisk lagmiljø både sosialt og på bana. Alle er ivrige spelarar som har lyst til å utvikle seg, så det er eit veldig godt utviklingsmiljø.
Med tanke på framtida gjenstår det å sjå etter videregåande skule korleis «ståa» er, men så lenge eg trivast med fotball, ønsker eg å sikte mot høgare nivå. Iveren etter å forbedre meg har eg hatt så lenge eg kan huske, og den vil nok ikkje forsvinne med det første.«

Sogndal FK spelar i 2.divisjon avd.2 og desse laga er i same avdeling: Grei, Øvrevoll Hosle 2, Frigg, Hønefoss 2, KFUM, Snøgg, Lyn 2, Bærums Verk Hauger, Ull/Kisa og Høybråten og Stovner.
Sogndal FK toppar pr. i dag tabellen etter å ha vunne sine tre første kampar.
Takk for praten, Julie, og lykke til vidare i Sogndal FK!