Det nydanna damelaget til Tambar Fotball spelte sine første kampar denne helga, då dei lørdag møtte Askvoll/Holmedal/Atløy og Kaupanger/Sogndal.
Tambar damer spelar 7er fotball, og kampane blir spelt i turneringsspel over tre helgar. Denne helga var det AHIL/AIL som var arrangør, og laga spela to kampar kvar.
Kampane enda slik:
Askvoll/Holmedal/Atløy – Tambar 1-0
Som resultatet viser, vart det ein jamn kamp mellom laga. Men desverre for Tambar sine damer var det heimelaget som drog det lengste strået med kampens einaste scoring.
Kaupanger/Sogndal – Tambar 5-2
Mål Tambar: Camilla Søvig og Lea Marie Birkeland Hamre
Tambar spelte ein bra kamp mot damene frå Sogn, og spelemessig var det eit hakk opp frå kampen mot AHIL/AIL. Tambar scora sine første mål for dagen, og scoringane kom ved Camilla og Lea Marie.
Askvoll/Holmedal/Atløy – Kaupanger/Sogndal 2-3
Etter første turneringshelg ser tabellen slik ut:
Kaupanger/Sogndal 3 8-4 6
Askvoll/Holmedal/Atløy 3 3-3 3
Tambar 3 2-6 0
Neste turneringshelg blir arrangert på Kaupanger 28. august, før siste turnering går av stabelen på Naustdal stadion i september.
Tambar damelag

Framme frå venstre: Linnea Helgheim Espeland, Eva By og Lea Marie Birkeland Hamre.
Keeper: Thea Hukset. Trener: Oddvar Hukset. Aurora Endestad Haaland var med på kamp, men ikkje til stades på bilde grunna skade, desverre.