Sjølv om været var heller nitrist, var det god stemning ute på kunstgrasbana på Naustdal stadion mandag kveld. For her møttes J9-laga til Tambar og Dale, og dei brydde seg lite om regnværet denne kvelden.
Begge laga er for fyrste gong med i seriespelet denne sesongen. For Tambarjentene var kveldens kamp den andre kampen deira denne våren, medan det var Dale sin aller første kamp.
Det var jentene frå Tambar som var dei mest målfarlige denne kvelden, for kampen vann dei 13-4. Sjølv om det vart mange mål imot for Dalejentene, såg det ut til at dei hadde det kjekt ute på bana, noko også trenarane til Dale kunne bekrefte.
Brage Galaasen dømte sin første kamp i dag, etter at han tok klubbdommerkurset. Han dømte godt!
Etter kampen vanka det nysteikte lapper frå kiosken til Tambarjentene. Og som ein fin gest frå heimelaget, vart Dalejentene invitert på nysteikte lapper dei ‘og.
Trener for Tambar J9 er Silje Skilbrei. Ho fungerer også som lagleiar for laget, men har hatt litt hjelp av Emil Hove på nokre treningar.
Tambar J9
