Det vart ein sjansefattig fyrste omgang, då Tambar møtte Svelgen/Bremanger 2 til kamp i sesongens fjerde kamp i 6.divisjon på stadion tysdag kveld. Bortelaget hadde bestemt seg for å ligge lavt, og satsa på at dei fekk sjansane sine på kontringar. Men dei få kontringane dei hadde gjennom omgangen, vart det lite å skrive heim om.
I andre enden prøvde Tambar å spele seg gjennom bortelaget sitt forsvar, men festninga til Svelgen/Bremanger stod støtt og dei gjorde det vanskeleg for Tambar. Noko som gjorde at heimelaget kun kom til nokre halvsjanser.
Då dommaren blåste til pause, stod det fortsatt 0-0 i målprotokollen.
Meir fart og mange mål skulle det bli i andre omgang, og overraskande nok var det bortelaget som skulle sette inn kampens første mål. Laget frå Bremanger hadde tydleg bestemt seg for å flytte laget høgare på bana, og berre etter fem minutter ut i omgangen set dei ballen bak Tambarkeeperen.
At Tambar «fekk ein på tryne» var tydelegvis det som skulle til for at laget skulle «våkne». Heimelaget tek heilt over initiativet i kampen etter at dei fekk målet imot, og det er vel fortent då Marin Skilbrei dunker inn utligninga eit kvarter ut i omgangen.
Vidar Standal blir no bytta inn, og det skal vise seg å bli viktig for laget. Ikkje lenge etter at han entra bana, set Vidar sitt fyrste mål for kvelden, og sender Tambar opp i 2-1 leiing. Det tek ikkje mange minutter før «superreserven» er frampå igjen, og set inn sitt andre mål!
Tambar køyrer kampen no, og bortelaget har etterkvart vansker med å fylje med på heimelaget sitt tempo. Dette gjer at Tambar kjem til mange store målsjanser utover omgangen, og ei ny scoring måtte berre kome.
Og det gjorde det. På eit hjørnespark var Henrik Aase tøffast inne i feltet, her ruvar han høgast og set ballen i mål med ei perfekt hedding, og Tambar var oppe i 4-1.
Spikaren i kista vart sett då Vidar var frampå nok ein gong, og sette sitt tredje mål, og Tambar tek dermed ein konfortabel 5-1 seier mot Svelgen/Bremanger 2.
6.divisjon
Tambar – Svelgen/Bremanger2 5-1 (0-0)
0-1 Svelgen/Bremanger2
1-1 Martin Skilbrei
2-1 Vidar Standal
3-1 Vidar Standal
4-1 Henrik Aase
5-1 Vidar Standal
Dommer: Amund Laukeland (Førde IL
Tambar sitt lag:
Thomas Dobbe Personbråten
Gunnstein Vefring
Henrik Aase
Eirik Engen Skadal
Andreas Kjørsvik Vatne
August Rafdal Berger-Nilsen
Tristan Bergby Carlsen
Martin Skilbrei
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Thomas Liabø Rognsø
Michael Kristiansen Johannessen
Marius Fagerheim Aase
Marius Haugen Herstad
Vidar Standal
Miguel Grønli Garfors
Bilder frå Kampen:





























