Det var perfekt spelevær, og eit snev av sommer, då Tambar G10 møtte Førde G10 til kamp på Naustdal stadion mandag kveld.
Etter ein jamn start på kampen, var det gjestane frå Førde som fekk det første målet. Vi fekk sjå mykje fint spel ute på bana, og den siste scoringa i fyrste omgang kom berre sekundar før dommer Olai Aamot bles av til pause. Då var stillinga 3-3.
I pausen fekk som vanleg både heimelaget og bortelaget servert nyoppskåren frukt frå kiosken, noko vi ser alle spelarane set pris på.
Om det var frukta eller pausepraten med trenaren som gjorde susen for Tambargutane, har vi ikkje eit klart svar på. Men energien til laget var det iallefall ikkje noko å sei på, og Tambar kvitterte med seks mål i denne omgangen. Med Førde sine to, vart det ein 9-5 seier til heimelaget.
Olai Aamot dømte godt, der vi fekk ein sjåverdig kamp mellom Tambar og Førde denne mandagskvelden.
