Nikolai Førde Ramsdal fekk ein pangstart i sin aller fyrste kamp for a-laget til Tambar, då han debuterte i bortekampen mot Tempo tysdag kveld.
Allerede etter femten minutters spel sendte han Tambar opp i 1-0, då han vann ein duell mot ein Tempoforsvarer på høgrekanten, tok ballen med seg nokre meter og sette ballen til sides for Tempo sin sisteskanse og i mål.
I tillegg til målet, viser 16 åringen at han har nivået til voksenfotballen inne. Berre ei god redning av Tempokeeperen gjorde at Nikolai ikkje vart tomålsscorar, då han på ny kom fri på høgrekanten.

Iben Munkvold er tilbake i Tambar, etter at han den siste tida har vore utilgjengeleg for laget. Spissen som var toppscorar for Tambar for få sesongar sidan, viste i kampen mot Tempo at han ikkje har gløymt gamle kunstner. To store målsjanser hadde Iben i andre omgang, og var sjølv irritert at han ikkje fekk nettkjenning. Den største var på eit frispark like utafor sekstenmeteren. Eit godt frispark, men ei mesterleg redning av Tempo sin keeper, gjorde at Tambarspissen måtte gå av bana utan nettkjenning i dag.
Men mål vart det. På returen frå keeper etter frisparket, var Thomas Rognsø våken frampå og sette inn Tambar sitt andre mål for kvelden.

Tambar kjem til fleire store målsjanser i andre omgang, og vi venter egentlig berre på det tredje målet. Og det skulle etterkvart kome. Tambar får corner, og etter litt fram og tilbake inne i feltet set Andreas Haukland spikaren i kista då han klinkar ballen i nota.

Ein fullt fortent seier til Tambar i varmen på Palmekysten i kveld, der Raggen beordra til drikkepause midtvegs i andre omgang.
Berre ein kamp gjenstår før laga i 6.divisjon tek sommarferie. Neste tysdag blir det difor toppkamp på Naustdal stadion, når Tambar tek i mot Anga til kamp. Begge laga står med 13 poeng etter seks kampar.

6.divisjon
Tempo – Tambar 0-3 (0-1)
0-1 Nikolai Førde Ramsdal
0-2 Thomas Rognsø
0-3 Andreas Haukeland

Dommer: Ragnar Åmot (Jølster IL)

Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
August Rafdal Berger-Nilsen
Tristan Bergby Carlsen
Andreas Kjørsvik Vatne
Henrik Aase
Miguel Grønli Garfors
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Thomas Liabø Rognsø
Michael Kristiansen Johannessen
Niklas Vilnes Helgheim
Nikolai Førde Ramsdal
Marius Fagerheim Aase
Andreas Yung Haukeland
Iben Andre Munkvold
Preben Kjeilen Johnsen
Vidar Standal

Bilder frå kampen: