Det vart tap i vårsesongens siste kamp, då Tambar tok imot Anga til kamp på Naustdal stadion tysdag kveld. Førdelaget kunne gå av bana med ein konfortabel 3-0 seier, og fekk dermed revansje for 1-3 tapet mot Tambar i Hafstadparken tidligare i vår.
Tambar hadde sine målsjanser i fyrste omgang, men det var berre bortelaget som fekk utteljing på sine sjanser. Anga sette inn 1-0 etter femten minutters spel, og gjekk opp til 2-0 berre minutter før dommer Raggen bles av til pause.
Også i andre omgang kjem Tambar til ein del målsjanser, men klarer ikkje å omsette desse til teljande resultat. Også Anga streva med å få ballen i nota i denne omgangen, og det såg ut som kampen skulle ebbe ut i ein 2-0 seier til gjestane. Men også i denne omgangen får vi ei sein scoring, då Anga set sin tredje for kvelden sekunder før full tid.
Tambarspelarane kjempa godt gjennom nitti minutter, men måtte berre innsjå at Anga var nokre hakk kvassare i kveldens kamp.
6.divsjon
Tambar – Anga 0-3 (0-2)
0-1 Sander Dvergsdal
0-2 Øystein Stafsnes Bøyum
0-3 Ørjan Hoff Vikum
Dommer: Ragnar «Raggen» Åmot (Jølster IL)
Tambar:
Thomas Dobbe Personbråten
Andreas Kjørsvik Vatne
Gunnstein Vefring
Henrik Aase
Niklas Vilnes Helgheim
Tristan Bergby Carlsen
Martin Skilbrei
Sander Kibsgaard Nordheim
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Michael Kristiansen Johannessen
Vidar Standal
Marius Fagerheim Aase
Andreas Yung Haukeland
Preben Kjeilen Johnsen
Nikolai Førde Ramsdal
Bilder frå kampen




































