Tambar var det beste laget den første halvtimen, då dei møtte Eikefjord på bortebane tysdag kveld. Laget spelte seg til mange målsjanser, men sleit med å få ballen i nota. Etterkvart kom heimelaget meir med i kampen, og det var vel litt mot spelets gang då Kristoffer Book sendte Eikefjord opp i leiinga. Fleire mål vart det ikkje i omgangen, og dei oransjekledde kunne dermed gå til pause med ein 1-0 leiing.
I andre omgang blir angripar Nikolai Førde Ramsdal bytta inn, og det skal vise seg at han blir eit uromoment for forsvaret til Eikefjord.
Ti minutter ut i omgangen sender Martin Skilbrei ein strøken stikkar til Nikolai, og i duellen med ein forsvarsspelar blir han felt på veg igjennom mot mål. Dommer Søgnen peikar korrekt på straffemerket.
Tristan Bergby Carlsen scorer sikkert på straffa, og Tambar utligner til 1-1. (Sjå bildeserie lenger nede).
Tambar kjem til mange gode sjanser etter utligninga, blant anna ved nemnde Nikolai, og Miguel Grønli Garfors som også kom inn i andre omgang. Men som i omgangen tidligare, er det Eikefjord som nok ein gong tek leiinga. Og nok ein gong er det Kristoffer Book som prikkar inn leiarmålet.
Midtvegs i omgangen kjem Even Espedal på bana, i sin aller første kamp for sesongen. Og det skal ikkje gå mange minutter før han åpnar scoringskontoen. På eit hjørnespark til Tambar havnar etterkvart ballen hos Even inne i feltet, han fyrer av eit velplassert skot og ballen smyg seg i mål heilt nede ved høgre stolperot. ( Sjå bildeserie lenger nede). Stillinga er 2-2 og det er ny spenning i kampen.
Det siste kvarteret er det mykje kjemping frå begge lag ute på kunstgraset i Eikefjorden, og det kunne fort ha bikka begge vegar kven som skulle gå seirande ut.
Men Gunnstein Vefring var fast bestemt på at dei tre poenga skulle være med heim til Naustdal. Tambar får tildelt eit hjørnespark nesten fire minutter på overtid. Gunnstein er komen opp i feltet, og ein godt slått corner på bakerste stolpe finn Gunnstein sin pannebrask, som sender ballen i nota utagbart for heimekeeperen. ( Ingen bildeserie, fotografen hadde pakka ned fotoutstyret). Tambar leier for første gong i kampen då kampuret viser 94 minutter. Like etter bles ein god Jakob Søgnen av kampen.
6.divisjon
Eikefjord-Tambar 2-3 (1-0)
1-0 Kristoffer Book
1-1 Tristan Bergby Carlsen (str)
2-1 Kristoffer Book
2-2 Even Espeland
2-3 Gunnstein Vefring
Tambar sitt lag:
Thomas Dobbe Personbråten
Tristan Bergby Carlsen
Gunnstein Vefring
Henrik Aase
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Eirik Engen Skadal
Martin Skilbrei
Sander Kibsgaard Nordheim
Thomas Liabø Rognsø
Michael Kristiansen Johannessen
Andreas Yung Haukeland
Marius Fagerheim Aase
Nikolai Førde Ramsdal
Vidar Standal
Even Espeland
Miguel Grønli Garfors
BILDER FRÅ KAMPEN:


































