Etter det sure tapet møt Svelgen/Bremanger på bortebane sist veke, viste Tambar heilt andre takter i tysdagens heimekamp mot Jølster 2.
For allerede i startgropa fekk vi sjå eit heiltent Tambarlag som gjekk rett i angrep etter at den gode dommaren Simen Erdal Osnes hadde blåst kampen i gang.
Og allerede etter 3 minutter spel låg den fyrste ballen i nettet bak Jølsterkeeperen, då Andreas Yung Haukeland sendte Tambar i føringa. Og Haukeland var hissig på grauten i kveld, og hadde nok lyst på fleire scoringar. For i løpet av nokre minutter i fyrste omgang vart han blåst av for offside åtte gonger!
Vi trong ikkje vente lenge på neste mål for kvelden. Eit perfekt slått hjørnespark frå Thomas Liabø Rognsø i det åttande minutt var innom Henrik Engebø Hundershagen, og med det sender han Tambar opp i ein 2-0 leiing.
Tambar er det klart beste laget i første omgang, og spelar seg til mange gode sjanser. Men mange av sjansane vart, som nemnt tidligare, blåst av som offside (!). Vi måtte vente til omgangen gjekk mot slutten før neste scoringa kom. Denne gongen var det hardtarbeidande Miguel Grønli Garfors som var frampå med ein flott avsluttning og sender Tambar opp i 3-0.
Heilt på tampen av omgangen er Tambar sin store ballvinner og gode midtbanespelar, Martin Skilbrei, frampå og set inn 4-0, som også vert stillinga til pause.
Andre omgang starter med dramatikk på Naustdal stadion. I ein duell inne i boksen til Jølster får Haukeland eit spark i hovudet då han prøver å nikke ballen i mål. Med blødande sår vert han teken av bana og køyrd til legevakta. Jølsterspelaren som var involvert i hendinga får raudt kort av dommer Erdal Osnes, og Jølster 2 må spele med ti mann resten av kampen.
Fleire mål vart det også i denne omgangen, og det var lynkjappe Nikolai Førde Ramsdal som skulle være den første som netta i andre omgang. For berre ti minutter etter at laga var komen på bana etter kvilen, sendte han Tambar opp i 5-0.
Even Espeland er komen inn i andre omgang, og han starta med å hedde ballen i stanga etter eit hjørnespark. Dette skulle vise seg å berre være starten på kva vi kunne vente oss av han utover i omgangen. For med scoring i det 70., 74. og det 90.minutt viser han at han har henta fram att skåringsfoten etter det lange skadeavbrekket sitt.
I tillegg til kveldens målscorarar viser alle spelarane ein hærlig innstilling ute på bana, der dei har full kontroll på gjestane frå Jølst.
6.divisjon
Tambar-Jølster 2 8-1 (4-0)
1-0 Andreas Yung Haukeland (3.min)
2-0 Henrik Engebø Hundershagen (8.min)
3-0 Miguel Grønli Garfors (38.min)
4-0 Martin Skilbrei (41.min)
5-0 Nikolai Førde Ramsdal (63.min)
6-0 Even Espeland (70.min)
6-1 Torjus Turøy Berge (73.min)
7-1 Even Espeland (74.min)
8-1 Even Espeland (90.min)
God dommer: Simen Erdal Ones (Sandviken, IL)
Thomas Dobbe Personbråten
Gunnstein Vefring
Marius Fagerheim Aase
Tristan Bergby Carlsen
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Martin Skilbrei
Nikolai Førde Ramsdal
Henrik Engebø Hundershagen
Thomas Liabø Rognsø
Andreas Yung Haukeland
Miguel Grønli Garfors
Kristoffer Hammarset
Even Espeland
Jonas Starheim





















































