Tambar var det beste laget då dei møtte Anga i toppkamp og lokaloppgjer i Hafstadparken tysdag kveld. Berre ein god keeper for heimelaget gjorde at dei «berre» måtte plukke fire ballar ut frå nettet, der vi noterte minst åtte-ti store målsjanser for eit friskt Tambarlag.

Tambar sin lagleiar, Bjørn-Ole Hjørnevik, måtte steppe inn som trener i kveldens kamp, og ein Anga-skalp er alltid greit å ta med seg…
Og det starta bra for Hjørnevik som kunne sjå at Tambar allerede etter ti minutters spel tok leiinga. Ein krempasning frå Thomas Liabø Rognsø åpna opp forsvaret til heimelaget, og Martin Skilbrei lot seg ikkje be to gonger, og ekspederte ballen glimrande forbi sisteskansen til Anga.

Tambar har bra kontroll i fyrste omgang, og det som vert skapt av målsjanser er det dei gulkledde som står for. Anga kjem etterkvart litt meir inn i kampen halvvegs i omgangen, og etter halvtimen utlignar dei til 1-1.
Men Tambar sler kjapt tilbake. Martin Hjørnevik Kibsgaard bryt høgt oppe og set fart mot mål. Etter å ha lagt bak seg det som er av forsvararar kjem han åleine med keeper. Keeper får ei tå på ballen, men ballen hamnar hjå Andreas Yung Haukeland som berre har å breiside ballen i mål.
Tambar er på ny i leiinga, som held seg fram til laga går til pause.

I andre omgang fortset Tambar med godt angrepsspel og kjem også i denne omgangen til mange gode målsjanser, der både Even Espeland, Martin Skilbrei og Andreas Kjørsvik Vatne har nokre gedigne sjanser til å auke leiinga. Det låg fleire Tambarmål i lufta, og dei kom etterkvart.
Men vi måtte vente heilt til det åttiande minutt før det på ny var jubel i Tambarleiren. Vidar Standal vart grusa i bakken inne i boksen til Anga, og dommer er kjapp til å peike på straffemerket. Vidar tek straffesparket sjølv, men keeper er raskt nede og redder. Men han må gi ein retur og same Vidar er frampå og denne gongen er han sikker og sender Tambar opp til 3-1.

Berre fem-seks minutter seinare får vi nok eit mål til Tambar. Even har kome seg fri på høgrekanten, og med ei pasning inn i midten, blir både forsvaret og keeper utspelt. Thomas Liabø Rognsø kan dermed kontrollert sette ballen i nota.

Eit frispark frå Øjran Hoff Vikum heilt på tampen gjer at kampen endar 4-2 til Tambar.

Det var ein godt gjennomført kamp av Tambar i kveld. Laget skapar mykje framover, og kunne med litt meir tur ha vunne med større siffer. Bakover på bana hadde laget god kontroll, noko som gjorde at heimelaget kom til svært få målsjanser.

Med kveldens seier har både Tambar og Anga 25 poeng i toppen av tabellen, der Anga fortsatt ligg som nummer ein, med noko bedre målskilnad.

6.divisjon
Anga-Tambar 2-4 (1-2)
0-1 Martin Skilbrei (10 min)
1-1 Ørjan Øyren Harjo (33 min)
1-2 Andreas Yung Haukeland (35 min)
1-3 Vidar Standal (80 min)
1-4 Thomas Liabø Rognsø (86 min)
2-4 Øjran Hoff Vikum (89 min)

Dommer: Jegatheesan Jeikishan (Florø SK)

Tambar sitt lag:
Marius Haugen Herstad
Gunnstein Vefring
Tristan Bergby Carlsen 
Andreas Kjørsvik Vatne
August Rafdal Berger-Nilsen
Martin Skilbrei 
Nikolai Førde Ramsdal
Miguel Grønli Garfors
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Thomas Liabø Rognsø 
Andreas Yung Haukeland 
Thomas Dobbe Personbråten
Marius Fagerheim Aase
Michael Kristiansen Johannessen
Vidar Standal 
Even Espeland
Jonas Starheim