Damelaget til Tambar tok sin første seier for sesongen, då den siste runden i 4.divisjon vart avvikla på Naustdal stadion lørdag. Seieren kom i dagens første kamp, der dei møtte Askvoll/Holmedal/Atløy.
I tillegg spelte Tambar ein god kamp mot Kaupanger/Sogndal, til tross for at det vart tap.
Kaupanger/Sogndal var suverene i 4.divisjon, og vann alle sine kampar i dei tre turneringshelgane, og kan titulere seg som kretsmestere i 4.divisjon damer. Dei enda med 18 poeng, Askvoll/Holmedal/Atløy stoppa på 6 poeng medan Tambar fekk 3 poeng, etter seieren i dag.
Resultat dagens kampar:
*Askvoll/Holmedal/Atløy-Tambar 0-1 (0-0)
0-1 Malene Hauken
God dommer: Svein Arne Nordheim
Jamn kamp mellom AHIL/AIL og Tambar i dagens fyrste kamp på stadion i dag. Begge laga kjem til gode målsjanser, men gode keepere på begge laga gjer at det blir ein målfattig kamp.
Laga gjekk til pause med 0-0.
Andre omgang vert mykje lik den fyrste, og berre målstenger og keeper står i vegen for det avgjerande målet. Men til slutt kjem det ei scoring frå Tambar. Ein hard og velplassert corner frå Viktoria tek Malene godt vare på, ho hedder ballen kontant i mål. Dermed får vi sesongens første seier til Tambar.
*Kaupanger/Sogndal-Askvoll/Holmedal/Atøy 3-0 (1-0)
God dommer: Kristian Bale
Jamnspelt første omgang og målsjanser til begge lag. Kaupanger/Sogndal scorer midtvegs i omgangen, og får i tillegg tildelt straffe. Straffen redder AHIL/AIL sin gode keeper, og laget frå Sogn går til pause med 1-0 leiing.
I andre omgang tek Kaupanger/Sogndal meir over, og vinn fortent 3-0.
*Tambar-Kaupanger/Sogndal 1-4 (1-1)
1-0 Eva By
1-1 Kaupanger/Sogndal
1-2 Kaupanger/Sogndal
1-3 Kaupanger/Sogndal
1-4 Kaupanger/Sogndal
God dommer: Kristian Bale
Tambar spelar ein god fyrste omgang mot Kaupanger/Sogndal, og fortset med mykje av det gode spelet vi såg i kampen dei spelte tidligare i dag. Det blir ein jamnspelt kamp, der begge laga kjem til fleire gode målsjanser. Og det er ikkje ufortjent då laget går opp i leiinga mot slutten av omgangen. Etter litt kriging inne i boksen til bortelaget, sender Eva By avgårde eit skot som går i nota bak keeper.
Heilt på tampen av omgangen utligner Kaupanger/Sogndal, og stillinga til pause er 1-1.
Andre omgang blir også jamn, men Kaupanger/Sogndal tek etterkvart litt meir over ute på bana. Dette resulterer i tre mål imot i denne omgangen, noko som betyr at damene frå Sogn kan gå av bana med ein 4-1 seier.
Tambar sitt lag:
Thea Hukset
Malene Hauken
Camilla Søvig
Kathinka Hyllestad
Eva By
Malin Andvik Laugen
Hanna Bolette Myklebust
Lea Marie Birkeland Hamre
Trine Standal
Victoria Folkestad
Camilla Juvik
BILDER FRÅ KAMPEN:

















































