Tambar/Eikefjord spelte sin fyrste heimekamp på Naustdal stadion for sesongen i dag, etter samanslåinga av gutelaga til Tambar og Eikefjord i sommar. Dei andre heimekampane til laget har blitt spelt i Eikefjord, og laget har no ikkje fleire kampar att på heimebane denne hausten.

Laget stilte med ein forholdsvis stor tropp mot Førde 3, med fleire spelarar enn i dei tidligare kampane sine.

Det vart ein jamnspelt kamp på stadion denne søndagen, der begge laga kom til gode målsjanser. Til pause leia Tambar/Eikefjord 2-1, etter scoringar av Kristian og Håvard.
Andre omgang vart også jamnspelt, der begge laga fekk seg kvar si scoring, der Tambar/Eikefjord sitt mål kom ved Miguel. Dermed vinn Tambar/Eikefjord kampen 3-2 og klatrer med det litt på tabellen og står med seks poeng etter fem spelte kampar.

God dommer var Svein Arne Nordheim.

G15 2.divisjon
Tambar/Eikefjord – Førde 3 4-3 (2-1)
1-0 Kristian Gauksrud Bale
2-0 Håvard Austreim
2-1 Førde 3
3-1 Miguel Grønli Garfors
3-2 Førde 3

Tambar/Eikefjord sitt lag:
Lukas Ryland Furelid
Kristoffer Bruflot
Sverre Olai Savland
Magnus Ullaland Endestad
Sjur Claussen Thingnes
Miguel Grønli Garfors
Sebastian Bergby Carlsen
Steffen Steindal Sandvik
Håvard Austreim
Emil Lødøen Hove
Kristian Gauksrud Bale
Brage Galaasen
Konrad Tybura
Bienvenue Nzabonimpa
Personinfo ikkje tilgjengelig

Bilder frå kampen. Alle foto: Alexis Thingnes.