Som vi spådde før sesongstart på 6.divisjon avd.3, vart dette ein jamnspelt avdeling, mest truleg heilt inn til mål. To serierundar gjenstår før ein kan kåre ein vinnar, der det vil stå om dei tre laga Eikefjord, Anga og Tambar.

I serierunden for ei veke sidan, var det Anga og Tambar som låg på tabelltoppen med 25 poeng, medan Eikefjord pusta dei to laga i nakken med sine 24 poeng.
I denne serierunden tapte Anga 4-3 mot Svelgen/Bremanger, medan Tambar måtte gå av Naustdal stadion med eit 1-4 tap for Eikefjord.
Dermed er det no Eikefjord som har det beste utgangspunktet før dei to siste seriekampane, med plass på tabelltoppen med 27 poeng. Anga og Tambar står fortsatt med sine 25 poeng.

Men ingen ting er avgjort i ei avdeling der alle laga slår alle. Og vi kan nok vente oss mykje spenning i dei to siste serierundane. Og kanskje mest spenning blir knytt til den aller siste serierunden, då møtes nemlig Anga og Eikefjord i Hafstadparken, og vi veit etter denne kampen om det er Eikefjord, Anga eller Tambar som kan juble på toppen av tabellen.

Tabellen ser slik ut:

Eikefjord 27 poeng
Anga 25 poeng
Tambar 25 poeng
Svelgen/Bremanger 19 poeng
Tempo 15 poeng
Jølster 2 4 poeng

Siste serierundane:

27.sept
Tambar-Svelgen/Bremanger
Tempo-Anga
Eikefjord-Jølster 2

4.oktober
Jølster 2-Tambar
Svelgen/Bremanger-Tempo
Anga-Eikefjord