Berre seier var godt nok i kveldens kamp mot Svelgen/Bremanger, om laget skulle være med å kjempe i toppen av tabellen fram mot sesongavslutninga neste tysdag. Men det vart ein spennande kamp på Naustdal stadion, der dei grønkledde frå Svelgen beit godt ifrå seg.
Tambar fekk ein pangåpning på kampen, og gjekk opp i leiinga etter berre få minutter. Nikolai kom seg ned til dødlinja på sin høgre kant. Han legg eit perfekt legg til Miguel, som med ein forsvarar i ryggen, heddar ballen i nota.
Tambar køyrer på dei første ti-femten minuttane av omgangen, og spelar seg fram til mange gode målsjanser. Men uten at dei fekk utteljing på dei mange sjansane sine.
Gjestane frå Svelgen tek meir over initiativet i kampen utover i omgangen, og og det var kanskje ikkje noko å sei på at dei sette inn utligninga.
Verre vart det då Svelgen/Bremanger på ny er frampå og scorer, og tek leiinga i kampen med 2-1. Tambar «våknar» litt att og har ein godt periode på tampen av omgangen. Og i denne perioden er det duka for nok eit mål, då Thomas er frampå og utligner til 2-2. Nok ein gong er det Nikolai som serverer frå høgrekanten, litt klabb og babb inne i boksen før Thomas får ballen, lurer av ein forsvarar og sender ballen i mål. Laga går til pause på stillinga 2-2.
Tambar åpnar andre omgang best, og har tydeleg bestemt seg for at alle tre poenga skal bli at på Naustdal stadion denne kvelden.
Og når laget ikkje får utteljing på sjansane sine på starten av omgangen, tek Martin ansvar. Med ballen i føtene utafor seksetenmeteren, dansar han seg gjennom forsvaret til Svelgen/Bremanger før han klinker ballen i mål. Tambar leder 3-2.
Tambar presser på for fleire mål utover omgangen, og berre utur og ein god Svelgen/Bremanger-keeper gjer at det ikkje blir fleire scoringar.
Men nok ei scoring kunne det blitt heilt på tampen av kampen, då Tambar blir tildelt straffespark. Marius, som er blitt flytta frå forsvar til spiss det siste kvarteret, blir spelt fri på løp mot mål. I kamp mot to forsvararar blir han felt innan for sekstenmeteren, og straffen er det lite å sei på.
Men keeper redder straffesparket frå Tambar, og like etter bles dommer av for full tid.
Dermed heng Tambar fortsatt med i toppen av tabellen, og går opp på 28 poeng etter tre poeng i kveld. Eikefjord er fortsatt to poeng framfor med 30 poeng, etter at dei vann mot Jølster 2 i kveld.
Tempo og Anga spelar torsdag kveld.
6.divisjon
Tambar-Svelgen/Bremanger 3-2 (2-2)
1-0 Miguel Grønli Garfors
1-1 Svelgen/Bremanger
1-2 Svelgen/Bremanger
2-2 Thomas Liabø Rognsø
3-2 Martin Skilbrei
Dommer: Sureskumar Kathiravel (Eid IL)
Tambar sitt lag:
Thomas Dobbe Personbråten
Gunnstein Vefring
Marius Fagerheim Aase
Tristan Bergby Carlsen
Andreas Kjørsvik Vatne
Henrik Engebø Hundershagen
Martin Skilbrei
Nikolai Førde Ramsdal
Miguel Grønli Garfors
Thomas Liabø Rognsø
Andreas Yung Haukeland
Vidar Standal
Even Espeland
Bilder frå kampen (fyrste omgang):

































