Årets første seriekamp på Naustdal stadion gjekk av stabelen torsdag kveld, då gutelaget til Tambar/Eikefjord tok imot Florø 2 til kamp.
Det vart ein målrik kamp, der begge lag fekk mange spelarar på scoringslista. Og det såg ut som Tambar/Eikefjord skulle få god kontroll på kampen då dei gjekk opp i ein 4-1 leiing i fyrste omgang.
Men det kan snu fort i ein fotballkamp, og til pause vart det spenning att. Då hadde Florøgutane knappa inn på forspranget til heimelaget, som kunne ta ein kvil med ein 5-4 leiing.
I andre omgang utligna bortelaget til 5-5, og det skulle bli spenning heilt til siste sekund av kampen. Ein gedigen sjanse til Tambar/Eikefjord heilt på tampen, kunne ha redda eit uavgjort resultat. Men ballen gjekk i tverra, og Florø 2 kunne gå av bana med ein 7-6 seier.
God dommer var Svein Arne Nordheim.
