Den første turneringssøndagen for Damer 4.divisjon vart arrangert på Naustdal stadion i dag. Værgudane var ikkje heilt på arrangøren si side, og kunstgrasbana var kvit etter morgonens snøbyer då Tambar tok imot Dale til kamp klokka 12.00. Men snøen forsvant etterkvart, og alle kampane gjekk som planlagt.
KAMP 1
Tambar-Dale 2-1 (1-0)
1-0 Lea Marie Birkeland Hamre
2-0 Kathinka Hyllestad
2-1 Dale
God dommer: Kristian Gauksrud Bale
Tambardamene starta sesongen med seier, etter ein god kamp mot Dale, der Lea Marie sette i årets første scoring for Tambar i fyrste omgang. Laget kom til fleire gode målsjanser i denne omgangen, med damene frå Dale stod godt imot.
I andre omgang aukar Kathinka leiinga til Tambar, og det ser lyst ut for heimelaget. Dale misser på eit straffespark som kunne gjort kampen spennande midtvegs i kampen. Reduseringa til Dale kjem heilt på tampen av omgangen.
Tambar sitt lag:
Thea Hukset
Malene Hauken
Aurora Endestad Haaland
Kathinka Hyllestad
Lea Marie Birkeland Hamre
Eva By
Andrine Mandelid Horstad
Camilla Juvik
Cecilie Etterlid Nondal
Tuva Julin Haugland
KAMP 2
Dale-Jølster 2-4 (1-2)
God dommer: Kristian Gauksrud Bale
KAMP 3
Jølster-Tambar 4-0 (0-0)
God dommer: Kristian Gauksrud Bale
Det er ein jamnspelt fyrste omgang mellom Jølster og Tambar i dagens tredje kamp, der ingen av laga maktar å sette ballen i nota. Fleire mål blir det i andre omgang, der Jølster set tre ballar i mål på kort tid. Med sin fjerde fulltreffar mot slutten av kampen, vinn dei med konfortable 4-0.
Litt synd for Tambar som mister sin forsvarsdirigent frå den fyrste kampen, men laget gjorde ein heroisk innsatts så lenge kreftene holdt, og krampa holdt seg vekke. Men med ein innbytter vart det for tøft utover kampen mot eit bra Jølsterlag.
Med fleire spelarar på plass til dei neste kampane om fjorten dagar, trur vi laget kan bite godt i frå seg i begge kampane.

Bilde: Tambar Damer 30.04.23.

Bilde: Dale damelag 30.04.23

Bilde: Jølster damelag 30.04.23

Bilde: Frå dagens fyrste kamp mellom Tambar og Dale.