Tambar Fotball kunne ikkje bli heldigare med været då årets første Kongleriket Turnering vart arrangert på Naustdal stadion søndag. Med knall sol frå skyfri himmel vart det totalt spelt fleire hundre kampar i løpet av søndagen, og alle jentene og gutane fekk ein velfortjent medalje for god innsats etter kampane sine.

God innsats var det også på dei ti klubbdommarane til Tambar Fotball, som hadde full kontroll på kampane gjennom heile dagen. Også foreldre og føresette gjorde ein ein framifrå jobb i kiosken og salsteltet på stadion, der det var kø stort sett heile dagen.

Tambar Fotball takker laga frå Eikefjord, Florø, Førde og Jølster for deltakinga på Kongleriket Turneringa i Naustdal!

Kongleriket-maskoten var på plass på Naustdal stadion.