tambar fotball

Info og nyheiter om laga

Våre cuper

Våre eigne cuper

  • Bendit Cup / Eat Move Sleep Cup

Tambarskjelvar Fotball har arrangert Bendit Cup kvart år sidan 2007. Det fyrste året gjekk cupen på grusbana på Naustdal stadion. I 2008 kunne vi invitere laga til Bendit Cup på ei flunkande ny kunstgrasbane, noko både vi og alle tilreisande lag var svært nøgde med.

Bendit Cup er eit arrangement i samarbeid med BAMA, SFFK og arrangørklubben. Samarbeidspartnerene har fokus på Fair Play og sunne matvaner blandt unge fotballspelarar. Difor har vi lagt inn Fair Play-helsing for fotballspelarane før og/eller etter kamp. På Naustdal stadion har vi fleire stader utsalg av frukt og andre sunne produkt frå BAMA til ein rimeleg pris.

Bendit Cup Naustdal har i alle år gått av stabelen i september, og er for jenter og gutar i alderen 6-12 år. Dette gjer at cupen er ein fin avslutning av fotballsesongen for laga som deltek.

Bendit Cup Naustdal går over to dager, lørdag og søndag. Alle lag spelar sine kampar ferdig same dag.

Bendit Cup endra navn og konsept i 2016 til Eat Move Sleep. Klubbane som vart tildelt Eat Move Sleep forplikta seg også å være Eat Move Sleep Ambassadør for heile året. Dette inneber blant anna at klubben skal ha fokus på sunne verdier heile fotballsesongen, med fokus på god og sunn kost i kiosk og andre salsplasser på kamper og treningar. I tillegg skal klubben ha fokus på nok kvile og søvn for utøvarane, samt nok aktivitet tilpassa kvar enkelt.

Tambar Fotball vart utnemt til Eat Move Sleep Ambassadør desember 2015, og var Ambassadør i 2016. Vi arrangerte vår første Eat Move Sleep Cup på Naustdal stadion 1-2 oktober 2016.

Tambarskjelvar Fotball måtte avlyse EMS i 2019 på grunn av for få påmeldte lag. Klubben fekk ikkje tildelt arrangementet i 2020.

Vi har ei eiga heimeside for Eat Move Sleep, den finn du her.

Bilder frå Bendit cup og Eat Move Sleep cup 2008-2017

Link Bilder 2007Album1 – Album2 – Album3 – Album4 – Album5
Link Bilder 2008
Link Bilder 2009
Link Bilder 2010
Link Bilder 2011
Link Bilder 2012 (1)
Link Bilder 2012 (2)
Link Bilder 2013 (1)
Link Bilder 2013 (2)
Link Bilder 2014 (1)
Link Bilder 2014 (2)
Link Bilder 2015
Link Bilder 2016
Link Bilder 2017 (1)
Link Bilder 2017 (2)

 

  • Tambar Cup (Naustdalshallen)
Tambar Cup er ein årlig innandørscup som vert arrangert i Naustdalshallen, fyrste Tambar Cup vart arrangert 2008. 
Cupen vert arrangert over to helger på vinter/vår. Tambar Cup for dei eldste aldersbestemte laga (småjenter-smågutar-jenter-gutar) går av stabelen i slutten av januar.
Tambar Cup for dei yngste klassane blir gjennomført i mars-april. 
Cupen vart ikkje arrangert i 2019 på grunn av for få lag påmeldt. Heller ikkje i 2020 vart denne cupen arrangert.
%d bloggere liker dette: