Tambar starta årets sesong i 6 divisjon avd. 3 tysdag kveld mot Florø 3 på kunstgraset i Florø. Og laget fekk ein god start og kunne returnere til Naustdal med ein solid seier og tre poeng.
Tambarspelar Martin Hjørnevik Kibsgaard har sendt oss fyljande oppsummering av kampen:

«Første målet kjem etter 24 min. Dette blir skora av Marius Fagerheim Aase. Henrik Hundershagen legger ballen til rette for høgrebacken Aase, som slår det som ser ut til å vere eit dårlig innlegg, men som viser seg å vere eit genialt skudd som går heile vegen i mål frå noko som må vere 30 meter! 

Andre målet kjem i det 43 min av Even Espeland. Martin Skilbrei slår ballen i bakrom til Martin Kibsgaard. Han fyrer av eit skudd som keeper må gje retur på. Der står Even Espeland klar og er sikker som banken når han setter den i kassa. 

I det 52 speleminutt kjem det tredje målet og det er Marius Aase igjen. Tambar har hjørnespark, der det vert litt kriging og litt kaos når ballen kjem inn, før Marius Aase setter sin andre for dagen. Han er i fyr og flammer. 

I det 75 min skorer Andreas Vatne det fjerde målet. Dette er ein skikkeleg lekkerbisk. Vatne ser at keeper står langt ute og løfter ballen elegant over keeper frå ca 40 m. Dagens mål!

I det 84 min tar Sander med seg ballen opp i bana og fyrer frå omlag 20 meter. Ballen går langs bakken og er utagbar for keeper og Tambar ledar 5-0.

Karane kåra Marius Fagerheim Aase som banens beste.»

6.div avd 3
Florø 3-Tambar 0-5 (0-2)
0-1 Marius Fagerheim Aase
0-2 Even Espeland
0-3 Marius Fagerheim Aase
0-4 Andreas Vatne
0-5 Sander Kibsgaard Nordheim

Tambar sitt lag:
Marius Haugen Herstad
Eirik Engen Skadal
Marius Fagerheim Aase  
Gunnstein Vefring
Andreas Kjørsvik Vatne 
Henrik Engebø Hundershagen
Martin Skilbrei
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Thomas Liabø Rognsø
Sander Kibsgaard Nordheim 
Andreas Yung Haukeland
Even Espeland 
Vidar Standal
Konrad Franciszek Tybura
Benjamin Gauksrud

Bilder frå kampen (Martin Hjørnevik Kibsgaard)