Velkommen til Ribbecup i Naustdalshallen 25.desember 2023 kl.13.00
Påmeldingsfrist innan søndag 24.desember kl.23.59

Cupen er ein (u)høgtidleg fotballturnering for spelarar i Tambarskjelvar, studentar og andre som er heime på juleferie i Naustdal og omegn. Perfekt anledning til å spele vekk både pinne- og ribbefett! Arrangementet er ope for alle over 16 år, uavhengig av ferdigheitsnivå.

Påmeldingsfrist: 24.des kl.23.59
Lagstorleik: Max 7 spelarar pr lag
Påmeldingsavgift: Ca kr.250.- pr lag( det vert vurdert om denne kan reduserast om mange nok lag, då denne dekker halleige).
Betaling: På Vipps før første kamp
PÅMELDING: Til Henrik Hundershagen tlf, 46890074 eller på Messenger.
Turneringsoppsett for Ribbecup i Naustdalshallen

Ribbecupen vil følgje eit spennande og inkluderande format for å sikre at alle lag får fleire sjanser til å spele og konkurrere.

Seriespel:

Vi starer med seriespel der kvart lag spelar mot kvarandre ein gong.
Kvar kamp varer i 8 minutter.
Det er ein kort pause på 2 minutter mellom kvar kamp.

Semifinaler og finaler:

Etter seriespelet tek vi ein pause på 30 minutter, slik at spelarane kan hente seg inn att og laga kan førebu seg på sluttspelet.
Dei fire beste laga frå seriespelet går vidare til semifinalane.
1.plass i serien spelar mot 4.plass, medan 2.plass møter 3.plass.
Vinnarane frå semifinalane møtes i finalen for å kjempe om tittelen som Ribbecup-mester.
Det vil og bli spelt bronsefinale.

Meld på lag og bli med!