Heile 22 jenter og gutar frå Tambarskjelvar Fotball deltok på Klubbdommerkurset som vart arrangert på Naustdal skule tysdag kveld.

Tidlegare dommar og no tilsett ved NFF Sogn og Fjordane med ansvar for dommerutvikling, Inge Seglem, holdt kveldens kurs.
Her gjekk han gjennom dei viktige tinga som ein må ha med seg som dommer for barnefotballen, der han presiserer at fotballen i denne aldersgruppa skal være mest moro og leik.

Etter den teoretiske delen i klasserom, tok Seglem med seg heile gruppa med komande dommarar ut på kunstgraset på Naustdal stadion for ein kort praktisk del.

Tambarskjelvar Fotball takker Inge Seglem for god gjennomføring av dommerkurset og vi ynskjer dei ferske dommarane lukke til med sesongen som pipeblåsere.

Bilde: Frå kveldens dommerkurs der 22 jenter og gutar deltok. Foto: Frank Cirotzki.