
Det var 26 tipparar som var innom og la inn sitt tips, då vi inviterte lesarane til å tippe resultatet i Tambar sin siste seriekamp denne sesongen, mot Eikefjord på Naustdal stadion tysdag kveld.
Ingen av tipparane trudde at Tambar skulle vinne med slike siffer mot naboane i vest. Men dei fleste tipparane meinte at Tambar ville gå av med seieren, då med litt knappare margin.
Totalbom vart det derimot på tipparen som trudde Eikefjord ville vinne 14-0 ……..
Dette betyr at gåvekortet på Pizzaen frå Peppes ligg trygt der det låg før kampen. Men ein ny sjanse til å vinne denne vert det i ein ny konkurranse om ikkje altfor lenge 🙂