Tambarskjelvar Fotball er på utkikk etter personer som ynskjer å bidra inn i fotballgruppa.
Fotballen er den største gruppa i idrettslaget i bygda, og mange trenere og leiarar gjer ein fantastisk innsats kvar einaste veke, året rundt. Til årets sesong stiller Tambarskjelvar Fotball med 18-19 lag, noko som betyr vekentlig aktivitet for i overkant av 200 fotballglade og treningsivrige jenter og gutar.
Styret i fotballgruppa har i dag ein leiar og ein nestleiar, i tillegg til 5 styremedlemmer. Av desse er fem menn og to damer.
Styret ser no etter personer som kunne tenke seg å bidra med litt innsats inn i fotballgruppa. Enten du vil sitte i styret, likar kioskarbeid, vil bli ansvarlig for klubbdommarane, utvikle arrangementa ved kampar og cuper, og mykje anna, ynskjer vi deg med på laget vårt!
Og om du er dame eller mann, ung eller gamal, er du like velkommen.
Fleire av styremedlemmane som sit i styret i dag, har etterkvart fått nokon år på baken. Ein av dei er Ann-Kristin Nigardsøy.
Ho kom inn i styret i 2015 . Og med sin erfaring med butikk og som butikkeigar i Førde, vart det naturlig at ho tok vervet som matrialforvalter i styret. Med dette vervet har ho ansvar for innkjøp av drakter, baller og alt av utstyr som dei ulike laga til fotballgruppa treng gjennom ein heil sesong.
Sjølv seier Ann-Kristin at det er gjevande å sitte i styret for fotballgruppa, der ho kan få bidra til å legge til rette for ein positiv og populær aktivitet for dei unge i bygda. Sjølv om ho no har vore innvolvert i fotballen i Tambarskjelvar i over 10 år, tykkjer ho det fortsatt er kjekt at ho kan få være med å bidra. Ho avkrefter også at verva med fotballen har teke for mykje av fritida, slik som mange kanskje trur det gjer når ein tek på seg eit slikt verv.
No er kanskje Ann-Kristin meir interessert i fotball enn gjennomsnittet av damene her i bygda. Sitt fyrste møte med fotballen i Naustdal var allereie i 2009. Då starta ho opp som ein av to trenere for laget til dottera si. «Trenerjobben» held ho på med enno, då ho i dag er ein av fleire trenere på Tambarskjelvar sitt J15/17 lag. Ho er ein av få kvinnelige trenere vi har i klubben, og er etter det vi kan skjøne, dametrenaren som har flest år bak seg i Tambarskjelvar Fotball.
For ordens skuld, her er styret i fotballgruppa slik den er samansett i dag. Om du er interessert i å være med å bidra ilag med oss, eller ynskjer svar på noko, set vi stor pris på om du tek kontakt med ein av oss i styret.
LEIAR: Gunn Steindal. Tlf: 48 27 53 54 – E-post: gksteindal@gmail.com
NESTLEIAR: Frank Cirotzki. Tlf: 95 79 60 41 – E-post: frankcirotzki@gmail.com
KASSERER Gunnar Naustdal. Tlf: 99 15 62 35 – E-post: gunnar.naustdal@enivest.net
MEDLEM: Ann-Kristin Nigardsøy, Tlf: 48 00 51 00 – E-post: ann-kristin@skonytt-forde.no
MEDLEM: Tore Personbråten, Tlf: 97 16 81 02 – E-post: torepersonbraten@gmail.com
MEDLEM:Espen Langedal – Tlf: 45 45 06 69 – E-post: espenlangedal@gmail.com
MEDLEM: Bjørn-Ole Hjørnevik – Tlf: 95 29 61 64 – E-post: bole16h@gmail.com
MEDLEM: Sven Carlsen – Tlf: 91 36 46 30 – E-post: svenharaldcarlsen@outlook.com
Bilde: Ann Kristin Nigardsøy, her på treningsfeltet. I tillegg sit ho i styret i fotballgruppa.