Tambar sitt a-lag har bortekamp i sin andre kamp for sesongen, og reiser gjennom tunellen for å møte dei oransjekledde Eikefjord-karane til kamp på Eikefjord stadion.
Tambar fekk ein dårlig start då dei møtte Førde 3 til sin aller første seriekamp på nesten to år, og Førdegutane kunne ta med seg alle dei tre poenga heim frå Naustdal stadion sist tysdag.
Eikefjord på si side, startar sesongen med kampen mot Tambar denne tysdagen. Kva Eikefjordingane har å fare med denne sesongen, kjenner vi egentlig lite til. Som oftast blir det spennande kampar når desse to laga møtest, og vi har grunn til å tru at det ikkje vert noko unntak i denne kampen.
Kampen startar kl.19:00, og vi reknar med mange tek turen utom og støtter Tambar denne tysdag kvelden.
Andre kampar i 6.divisjon avd. 2 denne runden er:
Dale 2 – Tempo
Førde 3 – Høyang 2
Anga og Gaular har trekt sine lag frå årets serie i 6.divisjon.
TIPP RESULTATET I KAMPEN EIKEFJORD-TAMBAR
Bli med og tipp, der fyljande reglar gjeld:
1.Tipp sluttresultatet i kampen Eikefjord-Tambar.
2.Kvar tippar kan berre legge inn eit tips.
3.Tipset må leggast inn innen tysdag 24.august kl.19:00.
4.Legg inn kor tid du trur første mål i kampen kjem (eks. 21 min, 44 min).
5.Ved fleire med rett sluttresultat, blir vinnar den som har tippa rett (eller nærast) første mål i kampen.
6.Om fleire står likt etter punkt 5, blir vinnar kåra på loddtrekning.
7.Alle tips vil bli publisert på heimesida etter kampslutt.
Premie: Sekk sponsa av Extra Naustdal, med caps, pannebånd og drikkeflaske.
Alle kan delta, gratis og ingen aldersgrense 😉
KLIKK HER FOR Å LEGGE INN DITT TIPS!
