I fem-seks varmegrader, oppholdsvær og ei særs god kunstgrasbane, var a-laget i full gang med treninga si då underteikna var oppom Naustdal stadion i kveld.
Trenarane Håkon Svoen, Jan Magne Langedal og Espen Eithun Langedal hadde i kveld mange spelarar på lagets andre utetrening for året. Heile 22 gutar og menn jobba godt og intenst den halvanna timen på stadion i kveld, ifylje trenarane, som er bevisst på å ta det litt rolig dei fyrste vekene. Dei meiner spelarane treng litt tid å kome ut av «julemoduset» og at ribbefeittet og andre godsaker skal få gli litt kontrollert av, før hardtreninga set i gang.
Og sjølv om det var folksamt på kveldens trening, fortel trener Svoen at fleire spelarar er venta inn i treningane etterkvart. Fleire som ikkje var der i kveld, har meldt fråfall på grunn av sjukdom og skade. Det blir difor litt av ein jobb og eit luksusproblem når ein tropp skal settast i løpet av vinteren.
Og blir forholda på kunstgraset like bra framover, som det var i kveld, kan laget legge eit godt grunnlag for det som skal kome både i treningskampar og seriespel.
Bilde: Trenarane Espen Eithun Langedal, Jan Magne Langedal og Håkon Svoen.