Tambarskjelvar sitt a-lag hadde i kveld oppstartmøte der trenar Håkon Svoen informerte om planane mot sesongstart i årets 6.divisjon. Mange spelarar møtte til kveldens møte, der klubben er i ein heilt anna situasjon framfor årets sesong, i motsetning til korleis det var på same tid i fjor. Godt over 20 spelarar hadde samla seg i aulaen på skulen, og var nok spente på kva planer den nye trenertrioen ville legge fram.

Oppkøyringa mot sesongen starter i neste veke, og allerede den fyrste veka i februar skal laget ut i sin fyrste treningskamp for året.

Teamet rundt årets a-lag består av trenarane Håkon Svoen og Jan Magne Langedal, og lagleiar Bjørn-Ole Hjørnevik.


Bilde: Over 20 spelarar hadde møtt opp til spelarmøtet i kveld.


Bilde: Trener Håkon Svoen (til venstre) og lagleiar Bjørn-Ole Hjørnevik.