Under NFF Sogn og Fjordane sitt kretsting på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde denne helga, vart Oddvar Hukset frå Tambarskjelvar Fotball hedra med Blå diplom.

Fotballkretsen sin Blå diplom blir delt ut til personer som har gjort ein lenger vedvarande innsats på klubbnivå.

Oddvar starta som trener for G99 i 2005 fram til 2011. I denne perioden tok han også alle trener-delkursa. I 2011 starta han opp som trener for jenter, noko han har fortsett med fram til i dag, der han har vore med å starte opp damelag. Dei to siste sesongane har han vore trener for Tambar sitt damelag i 4.divisjon (7er).

I tillegg har Oddvar vore anleggsleiar på Naustdal stadion ved legging av kunstgrasdekke to gonger, samt legging av dekket på løperbana på stadion.

Vi gratulerer Oddvar med ein fortent utmerking!