Både småjentelaget, jentelaget og gutelaget til Tambar Fotball har vore i aksjon i går og i dag.
Småjentelaget (J13/14), som tapte 1-4 mot Gaular i sesongens fyste kamp, møtte Eikefjord til kamp på Naustdal stadion tysdag kveld. Det vart ein målrik kamp, der Tambar var det beste laget og vann heile 9-4.
God dommer var Truls Savland Røyseth.
Jentelaget (J15/17) til Tambar Fotball møtte god motstand då dei hadde besøk av Førde 2 på Naustdal stadion onsdag kveld. Sjølv om Tambarjentene kjempa og sleit, og hadde ein bra andre omgang, måtte dei innsjå at Førdejentene kunne gå av bana med ein 6-1 seier.
Gutelaget (G15/17) hadde trekt på seg flunkande nye bortedrakter, då laget møtte dei gulkledde spelarane frå Dale onsdag kveld i den fyrste seriekampen denne sesongen.
Tambargutane var det beste laget og kunne returnere frå Dale med ein fin 4-1 seier.
G15/17 2.div avd 2
Dale-Tambar 1-4 (0-1)
0-1 Vidar Standal
1-1 Dale
1-2 Hallvard Edvardsen Sagevik
1-3 Marius Fagerheim Aase
1-4 Vidar Standal
Bilde: Gutelaget spelte med nye, svarte bortedrakter mot Dale i kveld. Foto: Ann Kristin Nigardsøy.
Bilde: Og slik ser gjengen ut bakaifrå. Foto: Ann Kristin Nigardsøy.