Småjentelaget (J13/14) er komen godt i gang med årets spesielle sesong, som starta først i august. På grunn av pandemien blir årets sesong naturlig nok kortare, og dei ni laga i avdelinga til Tambar møtes kun til ein enkel serie.
Laget har spelt fire kampar så langt, der laget står med to seierer og to tap.
I kveldens kamp mot Førde 2 på Naustdal stadion, var det Førdejentene som stakk av med seieren. Gjestane vann 4-0 i regnværet, der dommer Marius Fagerheim Aase hadde god kontroll på kampen.
Neste tysdag spelar Tambar bortekamp mot Gaular 3. Småjentelaget til Tambar blir trena av Ricardo Sebastian Molina Vergara og Endre Aaberg, medan Ida Marie Kvalstad Stuhaug og Veronica Tansø er lagleiarar.
Sjå resultater og tabell J13/14 9er avd 3
Bilde: Tambar J13/14 etter kveldens kamp. Foto: Ida Marie Kvalstad Stuhaug.