Tambar sitt damelag, som starta opp treningar for omlag eit år sidan, har bestemt seg for å gå for ein ny sesong. Laget har i år spelt i 4.divisjon, der dei har spelt kampar mot Askvoll/Atløy og Kaupanger/Sogndal. Laga har møttes til tre turneringshelgar denne sesongen, i Askvoll, Kaupanger og i Naustdal.

Laget samlast til evalueringsmøte denne veka, der spelarane var positive til å gå på ein ny vinter med treningar og kampar neste sesong.
På damelaget si facebookside skriv dei blant anna at dei vil starte med innetreningar i Naustdalshallen frå veke 44. Dei åpnar opp for at ein kan stille med lag på Førde cup og andre innandørs turneringar i haust/vinter, i tillegg til senior KM om det er stemning for det i gruppa.

Damene håper på gode treningskveldar i hallen med godt oppmøte. Dei presiserer at jenter/damer som berre vil trene, og er usikre på om dei ynskjer å delta i cuper og kampar, er velkomne til det.

Treningstida til damelaget er tysdager og torsdager ute kl.19:00-20:30.
Frå veke 44 trener damelaget i Naustdalshallen tysdager kl.20:00-21:30.

Ynskjer du å være med trene, kan du møte opp på treningane og registrere deg der. Om du ynskjer meir info, kontakt trener. Trener for laget er Oddvar Hukset, tlf: 97 01 94 15.

Damelaget si facebookside: Naustdal Fotball Damer

Bilde: Laget som deltok på kampane på Naustdal stadion i haust.