Tambar Fotball stilte med tre lag til helgas Førde cup i Førdehuset, der alle laga kom seg vidare frå dei innleiande kampane og til A-sluttspelet.
G14 var ikkje snauare enn at dei spelte seg fram til bonsefinalen, der dei vann 3-2 mot Bergsøy. Dermed kunne dei ta med seg pokalen og ein sterk tredje plass heim til Naustdal.
J19 overraska dei fleste då dei tok seg vidare til A-sluttspelet og spelte seg heilt fram til bronsefinalen. Sjølv om det vart tap for Førde 2, har dei all grunn til å være nøgde med å bli nummer fire i den eldste jenteklassen i cupen.
G15/16 tok seg vidare til A-sluttspelet etter å ha blitt nummer to i si pulje i dei innleiande kampane. Etter ein lang speledag på lørdag måtte laget sjå seg slått i den seine kveldskampen i kvartfinalen mot Bergsøy.
Tambarlaga sine resultat i helgas Førde cup:
TAMBAR G14:

Innleiande kampar:
Førde Tigers – Tambar 1-1
Tambar – Bergen Nord 2 0-2
Tambar – Bergsøy 1 3-2
A-sluttspel kampar:
Kvartfinale: Bergen Nord 1 – Tambar 0-2
Semifinale: Tambar – Gaular 0-1
Bronsefinale: Tambar – Bergsøy 3-2
TAMBAR J19

Innleiande kampar:
Tambar – Tertnes Damer 0-2
Tambar – Sogndal 1-4
Bergen Nord – Tambar 2-3
A-sluttspel kampar:
Kvartfinale: Tertnes Damar – Tambar 4-5 (0-0 etter ordiner tid, 4-5 etter straffesparkkonkurranse)
Semifinale: Sogndal Fotball – Tambar 4-0
Bronsefinale: Førde 2 – Tambar 4-2
TAMBAR G15/16

Innleiande kampar:
Førde 6 – Tambar 7-0
Tambar – Bergen Nord 3-2
Tambar – Bergsøy Vanvittig 3-2
A-sluttspel kampar:
Kvartfinale: Bergsøy Super – Tambar 6-1