G13/14 9ar avd. 3
Tambarskjelvar – Florø 10-0 (3-0)
I kveld fekk vi besøk av Florø heime på Naustdal stadion. Det har vore kaldt i Naustdal dei siste dagane der Kong Vinter har vitja oss på ny. Sjølv om det ikkje snødde under sjølve kampen svikta ikkje den kalde gufsen som vi er godt vande med på stadion.
Det tek berre fire minuttar før den første ballen sit i nota. Fredrik er vaken på eit målspark frå Florø. Han snappar ballen frå ei blåtrøye og set på turboen. Han går rett på mål, får eit hardt touch, og kastar seg fram slik at han får sklidd inn 1-0 rett framfor keeper.
Tre minuttar seinare spelar Odin ut til Magnus på venstrekanten. Magnus rundar backen sin, dreg seg innover i bana og avsluttar hardt i nærmaste hjørne. 2-0.
10 min: Nordbotten kjem til linja og slår 45º ut i feltet – på lissa til Magnus som breisidar inn 3-0 i det same hjørnet som for tre minuttar sidan. Praktfullt angrep.
Deretter ser det ut som gutane verkar tilfredse med resultatet. Det blir mykje knoting sentralt i bana som ikkje fører til det heilt store. 3-0 står seg til pause.
Andre omgang er tre minuttar gamal før dei gule og svarte rullar opp nok eit bra angrep på høgrekanten. Kristen rundar backen sin, spelar vidare til Odin som igjen spelar fri Fredrik som scorar sitt andre aleine med keeper. 4-0.
45 min: Etter eit hjørnespark som blir klarert, landar ballen i beina på Solheim som slår ein flott crossar inn igjen i boksen. Odin tek ned ballen, får rettvendt seg og set inn 5-0 i lengste hjørne.
50 min: Midtbana vår får gode arbeidsvilkår sentralt i bana, og det veit Odin å utnytte. Han spelar igjennom Kristen på høgrekanten som slår inn hardt og lågt. Fredrik bankar inn sitt tredje med venstrefoten. 6-0.
52 min: Nesten ein kopi av førre målet. Odin spelar fri Kristen. Nytt innlegg, Bendik sklir inn 7-0.
57 min: Fredrik med målspark. Odin, Bendik, Matias og Kristen på løp. Odin tek ned ballen og spelar fri Magnus som med utsida av foten set inn vårt åttande.
60 min: Nordbotten med ein lang pasning opp mot Matias som har skore inn frå venstrekanten. Matias tek ned ballen og tuppar forbi ein utrusande keeper. 9-0.
70 min: Rett før full tid står vi høgt i bana og pressar Florø. Kristen vinn igjen ballen, driblar ein forsvarar og sørgjer for at det blir tosifra i kveld. 10-0.
Til tross for ei relativt komfortabel 3-0-leiing til pause er gutane sjølvkritiske i pausepraten og diskuterer seg imellom kva som ikkje fungerte i store delar av den første omgangen. Dei er klare på at dei må brette ut spelet meir, bruke breidda, involvere kantspelarane i større grad. Det resulterte i sju mål i andre omgang – dei fleste etter innlegg frå kant.
Første kamp utan baklengsmål. Forsvarsleddet viser fin ro i kveld og er flinke til å vende spelet i større grad enn i tidlegare kampar. Og dei få gongene vi tapar eit duell har vi alltid ein mann i sikring som ryddar opp. Det er ikkje stort meir å sei enn at dette var ei solid oppvising frå gutane.
God pipeblåsar i kveld var Dan Joar Vårdal.
Ref.: Espen Eithun Langedal.