A-lag: Tambar-AHIL 09.05.17

6.divisjon avd. 2

Tambar-Askvoll/Holmedal 2-2 (1-1)
1-0 sjølvmål (12 min)
1-1 AHIL (44 min)
1-2 AHIL (47 min)
2-2 Vetle Holsen Kyte (67 min)

Tambar:
Markus Hjelle Cirotzki
Marius Hermann Hallem
Eirik Engen Skadal
Gunnstein Vefring
Vetle Holsen Kyte
Aleksander Fauske Helgås
Martin Hukset
Issayas Fanuel Efrem
Jesper Tomassen
Mathias Gamlestøl
Sigve Heggedal Longvastøl

Jørgen Angvik Helgheim
Joakim Høyseth Engebø
Andreas Kjørsvik Vatne
Nikolai Andal
Ali Adam Jacob Yousef

BILDER FRÅ KAMPEN

Tambar fekk sitt første poengtap for sesongen, då laget møtte Askvoll/Holmedal til kamp på Naustdal stadion i kveld.
Tambar tok leiinga tidleg i første omgang, då ein Askvollspelar forsøkte å hedde ballen tilbake til sin eigen keeper. Men Askvollkeeperen feilvurderte tilbalespelet, og ballen enda i stadenfor i nota bak han.

Med straffespark til gjestane like før pause, etter ein hekt inne i boksen til Tambar, gjekk laga til pause med 1-1.

Berre få minutter ut i andre omgang, tek Askvoll/Holmedal leiinga 2-1. Her vert rot i Tambarforsvaret utnytta, og Tambarkeeper har ikkje muligheit å avverge scoringa.

Vetle Holsen Kyte vert spelaren som redder det eine poenget for Tambar i kveld. Frå avstand forsøker han eit skot som sisteskansen til Askvoll/Holmedal er på, men ballen går i mål heilt nede ved stolperota.

Med eit massivt press i store deler av andre omgang, burde laget teke sin fjerde strake seier. Men både målstolpe og keeperen til gjestane stod som oftast i vegen, og dei til dels store målsjansane til heimelaget gav ikkje tellande resultat.

Oppsummering:

Tambar starta kampen best og var det førande laget i store deler av første omgang. I perioder fekk gutane til Hoffen vist mykje bra spel, men det stoppa litt opp når dei nærma seg sekstenmeteren til Askvoll/Holmedal. Sjølv om laget spela seg mange gonger fint rundt på kantane, vart innlegga for upresise eller spelarane i boks for lite aggresive i jobben der inne. Dette resulterte i litt for få avslutninger og dermed litt «måltørke».

At Askvoll/Holmedal skulle få eit mål på tampen av omgangen, var slett ikkje fortent. Men ein uforskyldt (?) hekt inne i boksen til Tambar, gjorde at dommer berre måtte peike på straffemerket.

At laget frå Askvoll skulle gå opp til 2-1 berre minuttet etter at pausen var ferdig, hadde vel ingen venta. Men litt rot og avventande backfirer gjorde det altfor enkelt for Askvoll/Holmedal å ta leiinga.

Men dette sette også meir fart på Tambarlaget, som tok totalt styringa i kampen utover omgangen. I perioder var det einvegskøyring mot Askvollmålet, og Tambar stanga lenge mot hardtarbeidande forsvarar i motsatt ende. Og då Vetle sette inn utligninga etter omlag 70 minutter spel, hadde vi trua på at ein ny trepoengar slulle bli att på Naustdal stadion.
Med spel stort sett mot eit mål i store perioder, med stangskot og fleire gode sjanser til å putte både eit og fleire mål, ville det seg ikkje i dag. Dermed måtte karane gå av bana med kun eit poeng i dag, og fekk dermed sitt første poengtap denne sesongen.

Mange bra prestasjoner frå fleire av spelarane til Tambar i dag. Tittelen som dagens Tambarspelar går til Jesper Tomassen.