Lokaloppgjeret mellom Anga 2 og Tambar, vart ein fin opptur for Tambargutane i Hafstadparken tysdag kveld. Endeleg kom årets første seier for laget, etter at dei har spelt jamt og tapt knepent i dei fyrste kampane i starten av sesongen.
I kveldens kamp vann dei kampen 3-0, der dei i tillegg bomma på straffe og skapte utallige målsjanser.
6.divisjon avd 2
Anga 2-Tambar 0-3 (0-1)
0-1 Anders Aase (18 min)
0-2 Vidar Standal (46 min)
0-3 Martin Kibsgaard Hjørnevik (89 min)
Dommer: Stein Otto Førde (Breimsbygda IL)
Tambar:
Lars Iver Lien Espeland
Ali Khaled Almohamad
Jon Engebret Langeland Thomsen
Andreas Kjørsvik Vatne
Joakim Høyseth Engebø
Martin Hjørnevik Kibsgaard
Anders Aase
Martin Skilbrei
Kristoffer Hammarset
Nikolai Andal
Muetez Jemal Tahir Ahmed
Jørgen Hove Haugen
Vidar Standal
Ole-Johan Steindal Vonen
Gunnstein Vefring
Matias Vonen
Med heile seks gutespelarar i troppen mot Anga 2, var det nok mange debutant-nerver ute og gjekk før avspark i Hafstadparken denne tysdag kvelden.
Men berre for å slå det fast med ein gong; om det var noko nerver ute og gjekk, skjulte dei det bra. Gutespelarane hadde ein forbausande ro ute på grasmatta, der dei vart godt tekne vare på av dei meir garva Tambarspelarane.
Gutespelar Lars Iver Lien Espeland i Tambarmålet hadde lite å gjere gjennom heile kampen. Og det lille som kom, fiksa han greitt opp i, ilag med eit godt Tambarforsvar som hadde full kontroll kampen igjennom.
På midtbana til Tambar fekk vi sjå kampens to giganter, Martin Skilbrei og Andres Aaase, gjere heimelaget sine spelarar meir og meir frustrerte. Eit godt utført frispark frå Anders, sender Tambar opp 1-0 leiing midtvegs i første omgang. Også Martin var lysten på ei scoring i kveld, men det vart berre nesten for hans del. Nærast var han då han sender av gårde ein suser som barberte tverrliggaren.
Andre omgang var berre to minutter gamal, då ein av debutantane auka Tambar si leiing til 2-0. Før underteikna hadde fått rigga seg skikkeleg til, hadde Vidar Standal vore frampå og sett ballen i Anga-målet. Vidar var elles eit friskt pust på topp for laget, der han jobba på, vann baller og skapte ein del sjanser.
Det var også ein gutespelar som fekk æra av å sette inn Tambar sitt tredje mål for kvelden. Martin Kibsgaard Hjørnevik må vel kallast ein erfaren a-lagsspelar etter kvart, då han har vore med på samtlige kampar for laget denne sesongen.
Martin tek imot ein flott stikkar mellom Angaforsvararane frå Kristoffer Hammarset, Martin tek strake vegen mot mål og plasserer ballen utagbart til høgre for keeperen til heimelaget. Til og med leiaren for Anga FK jubla for denne scoringa, ilag med dei trufaste Tambarsupportarane som hadde møtt opp i parken !!
Dermed vart det ein fin opptur for Tambar, som tok sine første poeng i årets sesong. Anga 2, som blant anna hadde tre tidligare Tambarspelarar på laget denne kvelden, hadde i perioder nok med å forsvare seg mot eit hardtkjempande Tambar som tek ein fullt fortent 3-0 seier.
All ære til alle seks gutespelarane i dagens kamp, som viser at dei behersker nivået på a-laget på ein trygg og god måte. Vi håper og trur at vi får sjå meir til denne gjengen i løpet av sesongen.
Desse gutespelarane debuterte i kveld: Lars Iver Lien Espeland, Jørgen Hove Haugen, Vidar Standal, Ole-Johan Steindal Vonen og Matias Vonen. I tillegg spelte gutespelarane Martin Kibsgaard Hjørnevik og Muetez Jemal Tahir Ahmed.
Neste kamp for Tambar, er heime mot Askvoll/Holmedal tysdag 4.juni kl.19:00.